fredag 15. juni 2018

Dag 7: Urolig natt i Ålesund

Ja, heller lite søvn i natt, svært kraftige vindkast fann sjølvsagt vegen til Brosundet også. Det å ligge heilt innerst var heller ikkje eit kupp då me fekk det meir på sida med tilhøyrande slagside og slingring.

Ei stund var det farlig nært at riggane tok bort i kvarandre når båtane slingra usynkront. Litt dårlig planlagt fortøying, men nabobåten sin rigg låg eit par meter lengre bak så det gjekk greit, men såg ikkje bra ut på det verste. Eit par timar søvn vart det likevel.

Det har roa seg ein del no, lengre mellom vindkastene iallefall og ikkje så sterke heller. No er det litt jobbing før litt søvnmangel må tas igjen:)

Oppdatert!

Ca 5 timars jobbing var unnagjort fra cockpit i vindrossene i Brusundet, avtalen med arbeidsgivar er naturlig nok at eg leverer det som MÅ leverast siden ingen gjer jobben når eg er borte, heilt greit så det passa i grunnen med to dagar stopp no.


Litt tungt å hive seg på sykkelen etter jobbinga i det ufyselige veret, med vindkast, 10-12 grader og sprett øspøs. Men eg manna meg opp og fekk ein flott tur rundt Aksla på stiane der, det står at ein kan sykle der om ein viser hensyn, men dei som var ute og spaserte såg egentlig ikkje ut til å sette stor pris på meg, tross gangtempo på syklinga:)



Fin tur, og ikkje før eg va tilbake så dukka Åsmund kompis opp, trivelig med besøk før me kl 20 hadde bestilt bord på XL Diner for å prøve den berømte Bacalaoen! Den var fantastisk og anbefales absolutt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar