lørdag 16. juni 2018

Dag 8: Ålesund-Harøy-Ona og så Bud, endelig:)

Eg er ikkje spesielt tolmodig så å ligge værfast kan nok bli en prøvelse for min del, men når det først vart slik så var Ålesund ein fantastisk by å bli liggjande i:)

Dagen før hadde me registrert at det var dieselfylling ved innløpet til Brosundet! Vel fortødd ved pumpene oppdaga me at det står «error» og ingen diesel å få. Men, men det kunne vel ikkje bli så vanskelig å få ein annan stad? 

Me hadde halv tank og ville greit rekke til Bud. Me kasta derfor loss, heiste storseilet og satte kursen mot Lepsøyrevet!


Igjen vart det vanskelig å få til noko effektiv seilas, 30 min med motoren av og me var nede i 2.8 knop etter at det såg lovande ut ei stund med 6.5 knop for seil i rett retning:) Dette er me førebudd på, det er vanskelig å få effektiv seiling inni mellom holmar og skjær!

Diesel hadde me funne ut at me skulle få tak i på Harøy, og Steinshavn, men me klarte ikkje å finne noko anna enn ein svær tank som ikkje såg ut som me kunne fylle i frå!


Me gjekk ikkje i land, men snudde på direkten og når me først var her, var det berre ein time til Ona Fyr og været var overraskande fint. Ein god del dønning etter stormen, men dønning og drag er jo me frå Fitjarøyane ganske så vant med:)

Etter litt tråkling mellom holmar og skjær fortødd me som einaste båt på Ona og plassen levde absolutt opp til sitt rykte, synd me måtte til Bud for å hente to pakkar før posten stengde for helga! Men det vart no tid til litt av kvart på Ona likevel, både besøk på fyret og museumet i fyrvokter boligen, samt sykling, fotografering og ja, drone kjøring:)


Her må me tilbake:) Ang drona og video og bilder frå den må dei innom PCen så dei vert lagt til seinare!

Me vart så lenge at det ikkje var meir enn tida og vegen for å rekke posten på Bud som faktisk var open til kl 20 ein lørdagskveld! Vel fortødd kl 1945 var det berre å kaste seg på sykkelen for å rekke Prix butikken:)

Dei to tinga i posten kom godt med over Husavika dagen etter! Endelig deksel og feste til IPaden, absolutt greit med to kartplottarar, ein zooma inn og den andre ut, evt å dobbelsjekke ting som er litt uklart. Garminen har også gml kart og det ser eg er ein del utfordringar med ifht bøyer som manglar/viser feil feks


Problemet me enda ikkje hadde løyst var diesel, men 4 turar med 5 literskanne ordna det problemet, gull med sykkel altså



Med avreise planlagt kl 06 var det på høg tid med søvn kl 23, men nydelig solnedgang kan ein ikkje sova bort så me tok turen til Ergan Fort, fantastisk fint med enorm utsikt samtidig som faderen er meir enn gjennomsnittlig interesert i krigen:)


Nok ein fantastisk dag, mellom Ona og Bud gjekk me forbi Bjørnsund og der såg det også fantastisk ut så synd denne Posten gjorde at me måtte haste forbi!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar