søndag 3. juni 2018

Førebuinga fortsett

5 dagar igjen til avreise og det er på høg tid å sluttføre førebuingane når det kjem til vedlikehold og kontroll på båten. Det meste er gjort, men det er alltid ei shortlist som ikkje lar seg ordne av div årsaker, mellom anna kjem ikkje siste forsendelse frå Seatronic før torsdag med ny givar til dybdempleren og den nye AISen.

Me får håpe det passar og AISen er som nevnt før av ein ny type uten særlig monterings-behov. Dybdemåler derimot MÅ ein ha på ein slik tur så det er verkelig å håpe at det fungerer når den kjem, det skal normalt være plug and play.

Det blir som det blir no, siste før eg skrur på lukene etter at impeller og dieselfilter vart skifta i går er å tappe av ferskvannssida på motoren etter at systemrens stoffet no har stått i systemet i 2 døgn. Det vart anbefalt å gjere dette i fjor når me skifta topp-pakning pga ein mindre lekkasje, men sjølvagt vart det også utsatt til no, hehe!

Planen er fortsatt å komme seg avgårde fredag kveld og eg er sånn passe i rute til å rekke det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar