lørdag 9. juni 2018

Dag 1: Endelig avgårde!

Det har vore relativt hektisk å komme seg avgårde, slik blir det nok for dei fleste. Dybdemåler og AIS kom på plass rett før midnatt i går! Ola ville overnatte i båten i går så første natt ombord er allerede eit faktum!

Pizza-party i båten i går kveld med June og ungane samt nærmaste familie. Veldig kjekt, då feira me June sin bursdag litt på forskudd også!

I skrivande stund går me under Stordbrua, i 0 m/s. Grunnen til at det plutseleg er heilt stille er sjølvagt Stord Rundt, me treff stadig båtar som gitt opp, det byrjar å bli kort tid igjen til maksimaltida kl 16! 


Mange flott bilder på Facebook frå havblikk i Nyleia i natt, typisk den regattaen, been there done that, men det er uansett ein fin opplevelse. 


Her ved Stokkbleikjene treff me dei som har halde ut, imponerande!

Vel, første stopp for oss blir Fjordsailing ved Alverstraumen for å plukke opp ein skaplås.

Pt ser det ok ut å gå over Stad kanskje tirsdag, men iallefall onsdag så me legg ikkje opp til dei aller lengste trappene enda. 55 nmil til Fjordsailing er kanskje nok i dg, men får sjå.

Deilig å være i gang iallefall:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar