mandag 2. juli 2018

Dag 24: Henningsvær (0 nmil)

Her er det heilt fantastisk fint, eg har bestemt meg for å ligg her til i morgon. Ein gryande forkjølelse har slått ut, men viktigste no er å være sikker på at ein ligg bra med båten, har god 4G og strøm fungerer slik at ein får arbeidsro.


SAP er nemt og fungerer kun stabilt på perfekt 4G, WiFi kan du berre gløyme på SAP, men andre system gå greit på WiFi... 

Det går mykje data, men ikkje SÅ mykje heller. Internett og anna må dog begrenses til eit minimum.


Ok kontorplass:)

Dessverre har eg opplevd at det nesten er umulig å få god WiFi i havnene, tross ganske spreke prisar etter kvart (virkar som det blir dyrare jo lengre nord du kjem!) Kr 300 pr natt i Henningsvær er rekorden, her er det ingen WiFi heller, men berre utsikten er verd alle kronene:) 

Sør for Trheim låg det på kr 150:). Ikkje noko å klage på då ein er heilt avhengig av muligheter for å legge til. Spes her med så stor forskjell på flo og fjære. Det å ligge på anker er eg ikkje komfortabel med og då har du ikkje noko alternativ! Men det blir nokre kroner når du er 60 døgn på tur:) 


Går nok til Skrova i morgon kveld eller onsdag morgon. Merkar at det er Juli, det fylles opp med båtar og ein får ikkje ligge åleine som før, men eg syns berre det er kjekt. Eg er jo ganske sosial så kjekt å snakke med nye folk og høyre kva tur dei er på etc:) 

Me treff veldig mange som kjem sør fra og skal til Lofoten før dei snur! Ein klassiker altså, veldig forståelig! Nesten berre seilbåtar! Det har blitt hevda at det berre er utlendinger som gjer dette, men det er feil, me treff mest nordmenn, men det er eit godt innslag av utlendinger også, men dei er ikkje i fleirtal!



At seilbåt nyttes er også forståelig. Dersom me hadde tatt samme tur i ein 35 fots motorbåt, feks Viknes 1030 så ville det gått for ca kr 60.000 i diesel! Me har brukt for ca 3.500 no og det er ein god del meir enn forventa. Mykje har gått til oppvarming så reelt til framdrift er det nok langt under 3.000!

Vel, skal ta ein del bilder seinare i dag og legge ut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar