fredag 6. juli 2018

Dag 28: Skrova - Svolvær (5 nmil)

Tida går utrulig fort, eg kom til å tenke på at eg neppe har vore åleine så lenge før, uten å treffe verken kjente eller familie. Det passa uansett fint når eg er super asosial og sitt med pcen heile dagen, det er godt nokre dagar, men no merkar eg at det er nok tid åleine. Det er ikkje noko som fristar på fulltid nei!

Kjekt med nytt mannskap i kveld og ikkje minst når June og ungane kjem på mandag, ein mnd utan ungane har vore den absolutt dummaste tingen med heile turen, men det var eit valg eg tok for å få til denne turen før eg vert pensjonist. Eg trur ingen har lidd overlast, me er dessuten priviligerte som har foreldre som bidrar fantastisk slik at June kunne være med ei veke oppover.

Eg innvilga meg 3 timar på stranda i går og valgte heller å jobbe halvedagen i dag i stadenfor. Det er umulig å ikkje bli litt satt ut av denne naturen, eg skal ikkje prøve å beskrive, tenker berre at om ikkje desse bildene gjer at det fristar å reise hit så skal du heller ikkje tar turen;)

Det er jo genialt med drone og eg er så fornøyd med at eg kjøpte denne sjølv om den var altfor dyr. Øverste bildet er tatt med panoramafunksjonen på drona, eg prøvde den for første gang i går, ser at her er nok mange ting ein ikkje har fått med seg av muligheter!

Her er eit tatt med mobilen frå stranda, heilt sjuk utsikt og det var vanskelig å snu ryggen til å lese videre i Harry Hole boka sjølv om "Tørst" er som vanlig fra Jo Nesbø, intens og velskreven og veldig vanskelig å legge bort:)


Kl 15 ankom eg Svolvær, mykje dønning over fjorden og ein innser at det å seile åleine er ein heilt anna sport, berre å få tømt septikken i rom sjø krever planleggen, også til og fra kai er heilt noko anna åleine. Men ein har jo mykje erfaring med slikt...

Eg førebur meg godt, men inn i havna i Svolvær er det veldig grunt, med seilbåt kan du ikkje legge kor som helst. Dybdene står på bryggene og eit kart på land, altså ikkje lett å finne ut før du dunkar nedi. Eg kom sjølvsagt på nesten lavaste fjære. Men eg hadde snakka med havnevakta først og fekk anbefalt fastkaien innerst og så sjekke ut kor på flytebryggene eg kunne ligge. 

Eg lirka meg inn der, litt spent sidan det såg bra fult ut, men der låg Sirkus frå Oslo som eg har truffe fleire ganger no så skipperen og dottera hjalp med fortøying, veldig greit å be om hjelp, mykje smartere enn å rote det til:) 

Eg fortøyde på siden av ein cabincruiser der du ikkje rekk pulleren bak uten å gå i jolla, men eigaren hjalp til når han såg at eg hang framme uten sjans å rekke pulleren:) Erfaringen er at alle er hjelpsomme, men noko må du spørje fint først:)


Svolvær dama står der og lengtar etter mannen som er på sjøen! På Skrova stod arbeidskopien av Svolværdama

Desse to kompissane. Kom rett før avgang, svært så samkjørte:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar