lørdag 7. juli 2018

Dag 29: Svolvær - Lødingen (45 nmil)

No er eg og Ulf for seil til Lødingen. Ulf kom i går kveld og me åt Bacalao på Bacalao:) Dvs eg, Ulf åt kvalbiff!


Ingen tur på Svolvær-geita denne gangen heller, men ein sykkeltur for å få fylt gass vart det! Formen er fortsatt laber etter forkjølelsen så fysiske utskeielser fungerer ikkje enda.


Me valgte å sette seil heller enn å seile innimellom holmar og skjær ved Svellingan. Mykje dønning, men det viser som vanlig ikkje på bildene:) Fin vind og 6-7 knop båtfart



Hammarøyskaftet (på fint), det andre navnet kan ein kanskje tenke seg til sjølv;) Her er det ei fantastisk uthavn, men den får me ha til gode!

VM fekk me med oss sjølv om me var i rom sjø:)


35 fot er perfekt størrelse, akkurat plass i gjestehavna i Lødingen;) Svigerfar kom å henta oss og dermed blir det første natta sidan avreise at eg ikkje søv i båten, litt rart, eg trur nok eg nesten kunne blitt båtboar!

Det blir nok Harstad i morgon, men Tromsø er ikkje målet lengre, me blir nok i området her og Lofoten fram til 20. Juli og returen mot Vestlandet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar