søndag 8. juli 2018

Dag 30: Lødingen-Harstad (33 nmil)

Heilt greit å sove i ei seng som ikkje flyttar seg ei natt:) Som alltid kjekt å komme til Sandtorg!


Snakk om genial utsikt frå huset! Dette er Tjeldsundet og her vil eg seile forbi i kveld. Det er litt av ein milepæl for meg! Kor mange gonger har eg ikkje snakka om å komme seilande opp Tjeldsundet:) No skal det skje!

Eg går båten til Harstad og legg den der eit par dagar før familien er ombord og me startar familie-delen av denne seilasen, den blir som sagt i nærområdet! Værmeldingane er heilt greie og det blir veldig kjekt når karane og June er ombord!

I Tjeldsundet er det mykje straum, akkurat no er den ikkje så sterk då det er uvanlig liten forskjell på flo og fjære akkurat no, men det er uansett viktig å time seilasen slik at ein får medstrøm, ellers blir det ein lang tur til Harstad. Det er slik her at strømmen snur til sørgånde midt mellom flo og fjære. Det var flo kl 09 så dermed skal strømmen snu no kl 1200-1230 mot sør. Avreise er derfor planlagt kl 18 frå Lødingen, då skulle eg få god medstrøm (nordgående) når eg kjem til Sandtorg der straumen er sterkast! 

Kl 1930; Då har eg satt seil frå Lødingen, mot Harstad. Regnar med å passere Sandtorg ca kl 22, Harstad kl 01. Litt sein, men ingen hast då mannskapet ikkje kjem før kl 16 i morgon.


Lett regn og 13 grader 4-5 ms medvind, ingen medstrøm enda, men eg ikkje har regna heilt feil skal den komme snart:)


Det har vore nokre milepælar på denne turen, Stad, Husavika, Buholmsråsa, Polarsirkelen, Vestfjorden og ikkje minst Vestfjordseilasen, Lofoten, og no den siste, men størst, på egen kjøl forbi Sandtorg, June sin heimplass!

Eg må berre innrømme at eg «litt» fornødd med å ha fått levd ut denne drømmen og at det ikkje berre vart med tanken!

Me passerer 800 nmil før Harstad! Det er ca 650 nmil straka vegen, men ein regnar 20-30% lengre i praksis og det stemmer jo bra:)

Til sammenlikning var der 550 frå Tyskland når me henta båten i 2008!


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar