fredag 13. juli 2018

Dag 35: Sørreisa-Finnsnes (6 nmil)

Då er me på veg til Finnsnes! Ein liten time så er me der! Dei 36 nmil i går var for langt med familien ombord, spes når me starta så seint, men, men. Det var den lengste etappene så me får no blir det kortare etappar, dessuten skal eg ta nokre timar medan dei søv på dei lengste av dei me har igjen så blir det ikkje så kjedlig!

Flott seilas i går der me fekk seilt mykje i god båtfart! 

Sørreisa var ikkje noko naturopplevelse, men rimelig 80 kr med strøm og ei god havn. Gløymte å ta bilder og det fortel nok sitt, uansett var det berre å ete middag og binge når me kom fram kl 21. I dg forlot me etter frokost så då er slike plassar heilt dine!

June joggar like godt dei 15 km inn til Finnsnes, me stiller med varm dusj når ho kjem frå, hvis me rekk det før ho kjem og det bør me sidan det er kortare med båt,

Fartsmessig er det nok ganske likt:)


Knallværet kom når me nerma oss Finnsnes, her er det lunt og godt og blir fort varmt! I dag vr det tid for å grave innerst i skapet etter shortsen;) juhu! Meldt 25 grader i neste veke, men då er me på yttersida av Senja, men der også er det meldt opp mot 20, me krysser fingrane for at ikkje skodda ødelegg for ein flott tur rundt Senja!


48 liter sidan Bodø og 14 dagar sidan, ikkje verst! Me har seilt mykje sidan den tid, men også vore ein del i ro ifb med jobbinga i Lofoten og besøk hos svigers! Nei, det er ikkje dieselforbruket som knekk ein slik tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar