fredag 13. juli 2018

Dag 36: Finnsnes-Sommarøya (26 nmil)

Kruttsterk kaffi, eit par skiver tørt brød og FRI er avgårde kl 0630, mot Sommarøya!


Det blir vendepunktet, me har fundert på Tromsø og spesielt for meg som aldri har vore der hadde det vore kjekt, men både frue og barn har vore der før og det er lett å komme innom ein anna gong, i motsetning til mange av dei andre plassene me no besøker!

Det ser ut til at me får eit døgn med dårligare vær før goværet kjem så får me berre håpe det slår til!


Håjå, klippe-fjellet som ligg utanfor Kvaløya og Tromsø, vakkert og majestetisk!

Eg blir aldri lei av å sjå mot horisonten og sjå øyar og fjell sakte, men sikkert, stige ut av havet:)

Shorts og T-skjorte i går og over 20 grader i Finnsnes, men Sommarøya ligg ut mot havet og det var berre meldt 10 grader, men me bukse og ein tynn jakker er det flott med utelunch:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar