mandag 16. juli 2018

Dag 38: Senjahopen - Ersfjord  så Hamn (23 nmil)

Etter vel eit døgn i Senjahopen var det tid for å komme seg videre. Då me kjørte her sist hugsar me begge stranda i Ersfjord, med sanden som var blåst opp på vegen, slik som i Danmark! 


Ja, det tok tid å oppdatere, men denne dagen vart ein av dei finaste til no, først gjekk me til Ersfjorden, ein fantastisk plass der det berre er ei kjempefin sandstrand og digre fjell på begge sider. Ein populær plass der mange teltar, foruten «gulldassen» er det ingen fasiliteter!


Stor var overraskelsen når det viste seg at eg hadde studert ErsfjordBOTN og ikkje ErsFJORDEN, her var det ikkje gjestebrygge, men kun nokre småbrygger til småbåtar og eit par mindre naust!

Ein må være litt freidige av og til så me la oss ved den einaste ledige plassen der det også var djupt nok for FRI. Men det vart fort klart at dette ikkje var plassen for å overnatte, men me tok to timar på stranda og Ola bada som den einaste av oss! Me traff ein med småbåt og han kunne bekrefte mistanken, her kom det svært sjeldan seilbåtar, ja! Men for ein plass!

Herlig skilt!



Kl 18 var det på høg tid å komme seg videre mot trygg havn i Hamn! Rundt neste odde som her er ei svær klippe kvar gang du skal inn i neste fjord, møtes du av noko heilt anna enn i dei andre fjordane lengre nord, her er det plutselig eit øyrike av dei sjeldne, og masse grunner over alt. For å komme til Hamn må ein gå langt inn før du stryk langs land mot sør!

Hamn er idyllisk, litt turist preg er det, dei andre plassane er det fortsatt fiskeriet som er hovedbeskjeftigelse, men her er det berre turisme, likevel er det mykje roligare her enn feks i Henningsvær, dei har heldigvis ikkje satsa på tyskerfiskarane...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar