lørdag 14. juli 2018

Dag 37: Sommarøya-Senjahopen (19 nmil)

Nok ein milepæl, me har no snudd mot sør igjen. Herifra er det stygglangt heim igjen:) Men me har nokre dagar igjen også!;)


Sommarøya var ikkje udelt positivt, det er fantastisk fint med dei utallige flotte strendene, over bildet frå når mor rydda båt og karane ragga rundt med gummibåten!


Det som var skuffande var at fiskeværet var slitt og dårlig tatt vare på, det var iallefall inntrykket me fekk når me skulle finne plass å ligge. Det var middels til dårlige fasiliteter når det kom til gjestehavn. Går ein rundt og inn på nordsida så er det nok ok, med i kartet kun to meter djupt så derfor la me oss på kaien til butikken etter å ha reke rundt litt her og der, me vart anbefalt og legge oss på gjestebrygga, men etter ein inspeksjon så var den knekt og butten saman med tynt tau, not my kind of fortøying for å sei det slik:) Vel, me fekk ligge på brygga til butikken, men her var det veldig mykje uro med båtar heile døgnet, me trudde det ville roe seg når butikken stengte, men her kom folk med på natta og slødde fisk, ganske høglytt!. På toppen gav alle f i 5 knops grensa så det vart ei urolig natt og inntrykket av Sommarøya vart nok litt prega av dette, men me traff mange hyggelige folk på den folksomme brygga:)


Planen var som i går, tidlig opp medan mannskapet søv, destination Husøy vart droppa pga litt dårlige meldingar og lite å ta seg til der. Hadde det vore knallvær hadde me gått innom, men alle sov kl 0830 når me passerte så eg valgte Mefjordvær som mål for dagen! Men før det skulle me forbi Hekkingen fyr, her er det litt artig navigering, både om du går vestom eller austom. Ikkje vanskelig, men du skal vite kvar du er for her er ikkje alt merka, sikkert umulig pga værforholdene!


Hekkingen fyr, eg er normalt skeptisk til grunne områder, men innsida på Hekkingen så veldig idyllisk ut og 2,7 meter er jo nok vatn til Fri, sjølv om det var lavvann, men det går ei smal renne som er djupare så eg fulgte den på kartplotteren og var ikkje under 5 meter, men som ein ser, det ser skummelt grunt ut under båten, hehe!

Her er det eg meinar med at alt ikkje er merka, her er nok alltid dønning så då går du ikkje over 3 meter nei!


Heller ikkje denne er merka, midt i fjorden inn til Husøy, men lett å sjå då den bryt heile tida, iallefall i dg tross null vind, pga dønningar!

Enorme fjell som i Lofoten, her også


Kurs for Mefjordvær, der var me dog berre i nøyaktig 2 minutt!


Me stakk innom Mefjordvær i den tru at Havneguiden var oppdatert med sin info om gjestebrygge, strøm og WiFi på hotellet, men nermare «kjeppjagd» har me ikkje blitt før på denne turen og eg trur aldri ellers heller!

Eg såg at det var lagd til for tyskerfiskebåtar, men det pleier være forståelse for at ein må få legge til før ein kan få forhøyet seg om kvar ein kan ligge!! Men når folk kjem springande mot deg når du er påveg på land, for å fortelle deg at du må bort umiddelbart, slike båtar er det absolutt  ikkje plass til, ja då får du litt dårlig inntrykk ja:) 

Vel, tyskerfiskeindustrien har overtatt mange flotte plasser og eg må sei at sjølv om eg forstår at det nok er nødvendig for mange, er det svært lite sjarmerande, med 10-20 like båtar, svære slaktestasjoner og klientellet er kun mannlige tyskara over 50 år er det heller ikkje plassen ein ynskjer å være med familien så me gjekk direkte til Senjahopen som vedkommande utlending forøvrig anbefalte!

Litt slukøyra gjekk me til Senjahopen, berre to nmil innover fjorden, men snakk om opptur, for her var skikkelige brygger med straum og som sendt fra oven til ungdommane, gratis og raskt WiFi! 

I tillegg var det ein svær idrettshall med kunstgress som me fekk spelt fotball og ikkje minst dusja skikkelig alle mann:)

Denne enorme gjestebrygga er sjølvsagt laga til for fiskebåter, og det blir veldige ekte når ein fortøyer mellom sjarkane og kjenner fiskelukta rive i nasa:)

Velfortjent Løve-Milkshake til Ola på Mixen, etter fotballen!


Vel, Senja er også fantastisk vakkkert, som Lofoten, men ikkje på langt nær så turistifisert, mange snur i Lofoten, men når ein først er så langt og været er ok så bør ein få med seg Senja, men været må være bra for her er det storhavet rett inn!

Lofoten er jo også begge deler, Henningsvær fantastisk flott, men blir bombardert av turistar, Skrova heilt motsatt og som ein har skjønt, eg vart forlikt i Skrova, håpar me rekk innom der på returen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar