søndag 22. juli 2018

Dag 43: Harstad (0 nmil)

Veldig kjekt å kjøre båt som går litt meir enn 7 knop:)

Fin torsk i dag også, ca 2-3 kg

Ein blir aldri lei av naturen her oppe i nord!

Lørdagen vart like fantastisk som fredag! Ferskvannsfiskerane slit med lite vatn i elva og dermed lite stor fisk i vatnet. Berre småfisk å få der, men gutta i røyken med lånt båt får fisk så det held! Sei og torsk, igjen! 4 stor-sei på samme draget var artig, i tankane såg eg for meg ei stor kveite, men den drømmen vart knust når første sei kom over ripa, uansett ca 1 kg kvar seg desse 4 var tungt nok å dra opp:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar