søndag 22. juli 2018

Dag 44: Harstad (0 nmil)


Då er hytteturen over, mannskap Trond kjem i morgon ettermiddag og me legg då direkte avgårde, eg er ivrig etter å komme meg sørover igjen, vèrmeldingane for neste 10 dagar er stort sett fantastiske så eg krysser fingrane for at turen sørover blir like fantastisk som dei tre vekene her nord har vore! Då er det lett å gløyme den heller kjølige og stormfulle turen nordover i Juni:)

Slakken i opprinnelig plan har eg valgt å bruke her oppe for å få meir tid med familien i  finværet, sørover har me no derfor berre 15 effektive dagar. Det er eksklusiv tre dagar der eg må jobbe.

Grovplanen er no, Raftsundet og ut til Værøy og over til Myken torsdag. Videre må me få med oss Træna/Lovund før me legg nedover mot Vega, her er eit mylder av holmar og skjær så det blir nok ein flott tur!

Den 1. August håpar eg at me ligg i Kristiansund slik at eg kan gjere unna arbeidet der og nytt mannskap kan komme på der fredag kveld 3.8. Men det er mange nautiske med hav som skal pløyast først så me får sjå... heime 9.-12 August!


I Tjeldsundet er det alltid iskaldt vatn, pga den sterke straumen, men yngstemann mukka ikkje, eg vart doven i beina berre av å stå uti å filme!!!

I kveld har eg vore i båten og studert strømmen litt nermare, eg skrudde ut alle  3 batteriene og testa dei eit og eit med 5 A trekk i 10 min, alle tre oppførte seg rimelig likt ifht spenningsfall og kvilespenningen var rimelig lik, noko bedre på det eine, men også litt uklart om dette fekk trekt like mykje strøm som dei andre, eg var ikkje så nøye sidan eg egentlig venta at eit av batteriene skulle falle gjennom... Dermed er alt montert tilbake som det var så får me sjå korleis det blir, det blir jo mindre strømbruk når me er berre to... enn når kidsa er med:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar