mandag 23. juli 2018

Dag 45: Harstad-Risøyhamn (25 nmil)

Veldig stas med nytt mannskap på plass (Trond) og me har lagt ut umiddelbart, planen er Risøyhamn om det ikkje er for surt å ligge der, me er forbi Grytøya no og har ein fin bidevind for fokka for øyeblikket, 6,5-7,0 knop!

Frisk vind frå sør i dg, men den skal gi seg i morgon og varmen kan gjerne få komme tilbake for no er det på grensa til at shortsen må i skapet;)

For loggboka og statistikken, me fylte 62 liter diesel i Harstad før avreise!

Lurt å gå svolten på butikken, det KAN jo hende me ikkje treff på noko butikk resten av turen, du veit aldri;)

Grytøya er flott og ikkje vanskelig å forstå navnevalget, fjella er uthola som gryter!



Risøyrenna, her går Hurtigruta også, eg hadde faktisk trudd det var smalare!

Ankomst Risøyhamn kl 23, fin tur, men kaldt på slutten, ei stykk ankerpils fortært og no er det bingen, me satsar på tidlig avgang i morgon! 


Fint bryggeanlegg i Risøyhamn, trivelig liten plass som me dessverre ikkje får studert nermare denne gangen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar