onsdag 25. juli 2018

Dag 47: Henningsvær-Værøy (47 nmil)


Langt fleire båtar her denne gangen enn tidligare i sommar, me gjorde avtale med Hovde Maritim om å ligg her for «eit par hundre lappar»:)

Litt seinare avmarsj i dag enn går, men heller ikkje så langt. Grundig sjekk av motor tas ein gang pr veke så det vart tatt før avreise, alt vel, men alltid vanskelig å bedømme olja på drevet når den ikkje er heilt kald.

Under ørelitt tvil blir derfor konklusjonen at den er fin og uten vatn. Bakgrunnen er at det er bra trykk når eg opna skruen så då tenker eg at det neppe kan komme sjøvatn inn av betydningen! Litt kondens hugsar eg ein mekaniker sa ein gang at det ville komme i olja utover sesongen. I år har det blitt mange mange timar!

Me la derfor kursen mot Værøy, det var varsla fare for skodd, det såg bra ut når me gjekk, men etter berre ein halvtime møtte me dette! Det er det verste eg veit, litt vurdering om me skulle gå inn til Stamsund, men eg var enig i Trond si vurdering om at det er bedre å heller ligge på rett kurs enn å knø seg mot land i så tett skodd.

Men skodde har ein tendens til å lette og vipps hadde me god sikt igjen:)


Beregna ankomst ca kl 17


Stadig bedring i vèret! Sakte, men sikkert blir Værøy større og større, ting tar tid med seilbåt, 8 timar på samme kurs i dg!!

Væreøy var ei fantastisk øy, trivelige folk som satte pris på besøk og fortalte varmt om øya si, her må det nok lidenskap til for å bu, men du verden for ein plass!


Som om det ikkje er nok å bu på ei øy langt ut i havet så finn ein altså ein Gard så utilgjengelig som det går ann, her budde det folk til 70-tallet. Ingen brygge var mulig å bygge her så dei måtte gå over fjellet for å komme til sivilisasjonen på Værøy hvis det ikkje var fint vèr! Fasinerande! 



Eg sykla opp til Håheia, det vart ein prøvelse. 450 høydemeter, og som om ikkje det var nok...


...kom eg til dette skiltet! Lovlydig som eg er snudde eg, sykla ned igjen og bar sykkelen opp stien. Vel opp ved øverste del av tunnellen kom det ei dame gjennom tunnelen... «Æ så du gikk ned igjen og bar sykkelen, va issje det jæskla tungt?» Jo, der kunne eg bekrefte, makspuls alarmen hadde gått i ett sett oppover. «Nei, du må bærre ta tunnellen, alle gjær det». Ok, så mykje for å være lovlydig altså!



Påveg ned med lukta av svidde bremseklosser tok eg tunnellen, men du MÅ ha lykt. Her er mørkt som i graven! Men det hadde eg!

Turen videre opp var nesten like tungt som å sykle frå bommen til Kattnakken, men det er ikkje bakken som er bratt, det er formen som er for dårlig og kroppen 10 kg for tung!:)

Fantastisk opphold på Værøy, anbefales og her er veldig flotte turmuligheter i fjellene!


Dieselfylling i Henningsvær fann me ikkje ut av så me tok sjansen på at det måtte være mulig å få nokre dråpar på Værøy, det var det, men høgt opp til fyllinga kan du sei;) 57 liter til 500 kr, absolutt rimeligste til no:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar