onsdag 25. juli 2018

Dag 48: Værøy-Myken (55 nmil)

Me sov litt frampå i den tru at det skulle bli skodd først på dagen, men ingen skodd her, sjølv om me ser den sør og østover. Me la derfor ut kl 0830, 10 timar for motor mot Myken, berre lett bris rett imot. Flott vèr så me skal ikkje klage, men klart me hadde eit håp om å få seile her ute på havet! 



Røst kan skimtast i det fjerne:)

Ankomst Myken ca kl 1800, mykje motstrøm så det blir ei lang økt:)


PS! Dag 47 er oppdater med bilder frå den fantastiske Værøya:)


Myken i sikte, 3 nmil igjen. Flott tur øve Vestfjorden, men uten seil blir det ein del slingring!

Då har me «gjort» Myken og her er det mykje å bli glad i, først ein spasertur på øya, ser tar ikkje lang tid, men meir sjarmerande plass skal du leite lenge etter!



Me gjekk først innom Myken Destilieri, her måtte me bestilt for å få spist, men me kunne komme å smake på Whiskey og Gin om me ville men for mat henviste dei oss til Seng og Suppe, 433 meter lenge sør/øst!


Som sagt så gjort, me tussla mot Seng og Suppe, der asfalten sluttar startar motorvegen;)


Seng og Suppe er ein nedlagt skule kjøpt av ei driftig dame som kom til Myken for å skrive Masteroppgave, den gamle skulen var eit funn av kreative idear, mest imponerande er innlosjeringa


Tre Campingvogner av edel årgang er satt inn i eit klasserom:) Fantasisk artig!


Pai til middag og kake til dessert! Ein herlig atmosfære i den gamal gymsalen som no var kaffe og restaurant med sofa og brod. Utsikten var av dei bedre kan du sei:)

Vel, pub til pub runde må til når ein er på Myken så me gjekk 433 meter tilbake til Myken Destileri, eller Bruket Bord & Bar, verdens nordligste destileri!


Fantastisk plass, med intim og fin atmosfære og veldig hyggelige at det er ein av ildsjelene som står for serveringa og kan fortelle om prosessen dei har vore gjennom! Eg er imponert over pågangsmotet! Det er rett og slett imponerande det dei har fått til her ute, på kort tid! Vel verd å ta turen!


Me merkar at me kjem lengre sør og at dagane blir ørlite kortare...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar