mandag 30. juli 2018

Dag 52: Mannskapsbytte (Rørvik 0 nmil)

Kl 09 var me hos Hertz igjen og jammen fekk me ein «kul grei» denne gangen også, iallefall ganske kul, Passat GTE:) Snart på Værnes no, 29 grader ute så egentlig deilig å sitte i bil med aircon:)


Påveg til Værnes var me innom Yanmar for å konsultere ang olja på drevet. Mekanikkeren meinar at olja er fin, han forklarer at berre få dråpar vil gi lysare olje noko eg forsåvidt visste frå før, men greit å få eksperters råd! Så lenge ikkje olja blir som melk, er det ikkje noko å frykte. Ryk simeringene så blir den tynn som melk på kort tid...

Sidan vatnet blandar seg med olja tåler slike drev å gå med ganske mykje vatn før det blir noko problem...

Då er Trond i Bergen og pappa på samme fly påveg nordover, sist var det omvendt. Tusen takk til Trond, veka du var med gjekk så alt for fort, men du verden for nokre opplevelsar;

Dag 1: Grytøya, Risøyrenna, Risøyhamn på din første kveld ombord! 

Dag 2; Raftsundet, Trollfjorden og indre del av Lofoten til Henningsvær, 

Dag 3: ut til Værøy, i skodd, bra du er sindig og ikkje lar seg stresse av skodda slik som meg:). 

Dag 4: Over Vestfjorden til fantastiske Myken. 

Dag 5: lang økt på 15 timar med passering av Træna, Lovund, vest av Dønna og gjennom paddemarka før Ylvingen og Vega. Middag på Ylvingen før dei siste 2 timane til Brønnøysund. 

Dag 6: til Rørvik i mildtsagt spesielt vèr med 30 grader og stiv kuling! 

Dag 7: Rørvik dagar og avslapping i den grad ein kan slappe av i 32 grader!

Dag 8: 300 km til Værnes i bil!


Nytt mannskap på plass


Det er langt å kjøre ja, med VW problem og forsinka fly vart det over midnatt før me var tilbake i Rørvik. Plutselig ville ikkje bilen starte, men etter ein pause på 30 min var den klar igjen og  eg fekk henta pappa og lagt i veg mot Rørvik, heldigvis skjedde det ikkje igjen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar