søndag 29. juli 2018

Dag 51: Rørvik (0 nmil) - mannskapsbytte


Mannskapskabalen er no lagt på nytt og med rimelige billettar frå Værnes og litt dårlig tid ned til Kristiansund før eg må starte jobbinga så fann me ut at det blir minst stress med å bytte her enn der:)

Nestemann er ikkje klar før mandag om 8 dagar og dermed er det kjekt å ha ein far som alltid stiller opp, litt synd han får akkurat samme løypa ned som opp, men me får finne nye plassar å ligge i det minste;)

Ein skikkleig inspeksjon av motor i dag avslørte ein ørliten lekkasjer i sjøvannspumpa, ganske irriterande sidan Yanmar overhalt den i fjor for Kr 5.000,-! Vel, luktar reklamasjon, men dette er ikkje noko som har noko driftsmessig konsekvens!

I tillegg fann eg også sprekker i viftereima så eg bytter like godt begge to då dei er ca like gamle og den største må uansett av for å få på den innerste...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar