torsdag 2. august 2018

Dag 56: Veiholmen - Bud (60 nmil)

Løyande vind utover no, så me legg snart avgårde, etter ein time passerer me Dyrnes sør på Smøla, der det skal være mulig å få diesel!

Veiholmen hadde eg store forventninger til, og dei vart innfridd, her var det mykje sjarm og ei heilt fantastisk lagune av ein havn...


Turen er på hell, litt vemodig, men eg gler meg jo veldig til å komme heim også så me drøyer sjølvagt ikkje no, men det var utrulig kjekt at me også fekk med oss yttersida med Halten, Mausund og ikkje minst Veiholmen i stadenfor den heller ordinære Trondheimsleia sjølv om det sikkert er fine plassar å stoppe der også så kan det neppe samanliknast med yttersia!

Framover no drar det seg litt til rundt Stad, me har pt plan om å gå rundt mandag, men nordavinden dei meldte i går har no blitt til sønnavind så her må me berre sjå korleis det er når me er klare!

Me går til Ålesund i morgon, søndag ser uansett ut til å bli kviledag pga vèret, men eg må jobbe litt også så det passer bra.

Joda, me fekk diesel i Dyrnesvåg, 24 timers service, men kortterminalen står langt opp på land så det må du nesten vite, ingen info på kaien! Turens absolutt dyraste også med 13,76 pr liter for avgiftsfri, du verden! Bra me berre skal ha 50 liter:)

Navigering på Smøla er noko for seg sjølv, til og med i leia må du følge godt med, ved utløpet på sørsida bryt det på begge sider eit godt stykke etter siste sjømerker så her må du passe på å følge overtrett merkene på land når du går inn og ut, du skal ikke surre mykje her før det smell. Langt ute finn du grunner på 1 meter så det nyttar ikkje å tenke at dette gjeld for større båtar!

Me hadde tung sjø i mot så det tok tid å stampe seg ut på djupt vatn. Det vart fort klart at me ikkje kunne gå i denne motsjøen på yttersida av Husavika. Me satte derfor seil og fekk ein flott seilas inn til Grip, før me kom inn på løpet av den flotte indre leia over Husavika, der me også gjekk på turen nordover. Me seilte gjennom øyane ved Grip, men derfrå vart det motor!

Fyren på Grip

Ufattelig mange hus på den litle øya Grip! Hadde me komme forbi tidligare på dagen hadde me stoppa på, men i motvind og sjø er det laangt frå Veiholmen til Bud...

Indrelei Husavika, den ser litt krøkkete ut på kartet, men det er mykje enklare å gå indre lei enn å surre på utsida, slik eg ser der så må du da gå veldig langt ut, i mellom der er der sjansespel å ferdast!


Vel fortødd på Bud og velfortjent ankerdram! Eg innser at akkurat dette ritualet har det blitt synda kraftig mot når flaska ser slik ut etter 56 dagar på tur! Berre å beklage til alle som har vore mannskap og ikkje blitt tilbydd ankerdram

Ekstra velfortjent sidan autopiloten byrja å laga dyre lydar i dag slik at det vart håndstyring heile dagen! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar