torsdag 2. august 2018

Dag 55: Mausund - Veiholmen (28 nmil)

På tide å komme seg videre, men Mausund var igjen eit fantastisk fiskevær, veldig intim havn og som alle andre plasser, hyggelige og interesserte folk!

Skikkelig amfi hadde dei med plass til sikkert 100 stk:)

Kjeila pub er stengt og det er usikkert kva kjøper vil gjere med plassen, kanskje ansatte leiligheter forstod eg...

All slags som kan skje med ei dieselpumpe;) Spesielt sidan den vel strengt tatt er eit ho-kjønn:)


Brua sør for Mausund er ikkje merka, som dessverre er heilt vanlig nordover. På veg ned til Mausund studerte eg kartet og noterte meg bru på 22 meter. Men den såg lav ut når me fekk sett den...

Ved nermare ettersyn, er det luftspennet som er 22 meter, brua berre 13,5 meter! Dermed måtte me gå rundt, grei detalj å få med seg når båten har 17 meter rigg!!!

Det er veldig mange bruer som ikkje er merka, det er me ikkje vant med sørover, greit du har kart, men eg sjekker alltid høyd på skiltet med kikkerten for å være 100% sikker!


Det blei motor igjen i dag, havblikk. I morgon er det sørvest og opp i kuling så me får sjå om det kanskje blir Kristiansund og Husavika lørdag...



Sula, nabobåten skulle dit, men me må heimover, noko må me ha tilgode!


Slettringen Fyr sør av Frøya som ligg vest av Hitra


Flott seiling, før vinden igjen gav opp...


Her har de strødd bra rundt seg med stakar, det er lett å sjå kva side du skal på, men ein kan ikkje gå kloss i stakane så her må ein vere skikkelig på vakt, mest krevande innseilingen til no, by far!

Men du blir rikelig belønna for her er eit eventyr når du har snirkla deg på plass innerst i havna:)

Haugjegla såg me tidlig, i motsetning til resten som er paddeflatt!

I morgon ser det likevel ut til å bli vèr til å krysse Husavika, men sjølvsagt motvind. Me må enten krysse oss sørover sidan me ikkje fekk diesel i Mausund, eller gå til Kristiansund for å fylle, 10 nmil lengre. Me kan også prøve oss på fiskemottaket lengre inn på Smøla, men stor omveg så me prøver nok å seile og litt diesel ha me no igjen:) På Bud har me jo fylt diesel før, 4*5 liter med sykkelen, hehe


Dronekjøring, perfekte forhold!

Eg sykla inn til sjølve Smøla og traff på dette byggverket, rett og slett genialt, her sitt du tørt og kan sjå på utsikten!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar