onsdag 1. august 2018

Dag 54: Halten - Mausund (30 nmil)

Yr.no imponerer, vèrvarslet såg unektelig rart ut, med 1 m/s fram til kl 22 og så 15 m/s kl kl 23 for så å roe nesten heilt ned igjen til kl 06 då det igjen vart varsla 14 m/s kl 06 og 12 m/s kl 07 før det roa seg på nytt!

Kl 2230 kom vinden og den var frisk:) Så var det rolig fram til kl 06, men nesten nøyaktig kl 06 våkna eg av uling i riggen, då det igjen bles kuling i 2 timar før det roa seg! 

Friskt, men når det roar seg så raskt er det ikkje noko pes, men søvnen var forbi, kluking frå sjøane som treff hekken har eg vent meg til, men med kuling så er det smell og risting i heile båten! Men eg fekk lest i boka iallefall:)


Tøft liv å vera fender når det bles opp:)

Etter frokost var det tid for inspeksjon av propell og kjøl, rett etter at me forlot Rørvik gjekk me på noko, mest sannsynlig ein kladd med tang og tare eller «skråma» som me seier:)

Det vart ein del vibrasjoner ei stund og farten falt frå 6 til 4 knop eit øyeblikk, etter litt stopp og start var farten nesten tilbake, men me mangla nokre tideler videre og ved oppbakking på Halten merka eg at noko ikkje var som det skulle...


Joda ein god kladd med skråma satt fortsatt på drevet, men ikkje noko på T-kjølen. Me satte eit tau under båten slik at det er lett å dra seg ned til propellen, for det er god oppdrift i tørrdrakta om du ikkje får ut all lufta!

I dag er det 1. August og jobbedag, men Halten egna seg ikkje veldig godt til jobbing med fråvær av både 4G og strøm. Her er det aggregat straum til hus og fyret, så sjølvsagt ingen landstrøm!

Eg tenkte ikkje på å lade Pcen i Rørvik så den hadde berre 25% igjen på eine batteriet og det andre var tomt! Inverteren trudde eg låg i skapet der den alltid har vore, men den gang ei! Mange år sidan eg har brukt den!

I går kveld fekk eg akkurat nok data gjennom til å få sendt det som måtte sendast før mnd slutt så litt flaks skal ein ha:)

Samme gjaldt drona, men eg fekk tvinga den ein runde med low battery warning for på Halten måtte eg sjølvagt ha bilder og video frå lufta! Det holdt på å gå gale forresten for her er det mykje fugl og plutselig la ein måse sin elsk på drona, då var eg snar med å lande!

Langt frå Trondheimsleia på returen, me planlegg Veiholmen på Smøla i morgon og Husavika fredag om det blir godt nok vèr, meldt regn så blir det øspøs trur eg me ventar til lørdag...

Mausund stod ikkje på lista mi frå i vinter og vart plukka tilfeldig! Me kan berre seile 5-6 timar i dag og det samme i morgon pga jobbing og det passar fint då Mausund vart ein flott overraskelse, kjempefin plass og idyllisk gjestehavn. Strøm var der ikkje, men ein veldig hyggelig gamal mann lot meg koble meg til inne på fiskeriet! Han fekk også forklart at ein bedrift hadde kjøpt gjestebrygga og Kjeila kro så denne gjestehavna var det usikkert kva som ville skje med, men me betalt med GoMarina og låg fint!

Her er det flatt ja, Gjæsingen om styrbord!

Ja, Yanmaren går og går...


Antakelig eit monster oppdrettsanlegg, kan ikkje forstå noko anna?

Litt utpå ettermiddagen kom det eit eldre trønderpar, eg vinka dei inn og spurte om dei ville ligge på sida av oss, det var ingen andre muligheter!

Vel fortødd spurte skipperen om eg hadde merka at det ikkje var vanlig å ligge på sida av kvarandre nordover og det stemmer på ein prikk, det virka iallefall å sitte langt inne for mange her oppe, ein er nok bortskjemt med god plass:)

 

Eg måtte ha litt pause i arbeidet og sykla øyane her ute på kryss og tvers, det er nokre få kilometer totalt! Litt drone kjøring vart det også tid til!

Her ligg Ragnar Kvam Jr, på andre sida av sundet, ved «Den Muntre Matros». Den båten har seilt lengre enn dei fleste! Hadde me visst nøyaktig kor denne plassen var hadde me også gått der sidan Havneguiden skreiv at det var her det var meste plass og det stemmer perfekt, men idyllen i Mausund kunne ikkje denne plassen skilte med, men veldig god plass ved bryggene hadde dei, inni Mausund er det på grensa for oss, ca 50 cm igjen til botn på fjære sjø så pass opp om du går inn her med seilbåt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar