søndag 5. august 2018

Dag 59: Ålesund - Florø (82 nmil)

Kl 0645 passerte me ut åpningen på moloen i Ålesund, ferdig fylt opp med dieselen og vatn. 32 liter pressa me på ca 90 nmil sidan Smøla. Det er ikkje ille sidan me kun seilte eit par timar! Svarar ser med litt rolig marsjfart


Ålesund er ein super by å komme til, med båt!

Det har løya med vinden som meldt, det bles 6 ms på Kråkenes no så det blir nok ikkje noko bedre dag å gå Stad denne veka, men sikkert mykje sjøgang etter kulingen enda. Vel, det tar 5-6 timar ned til Stad så runding litt utpå ettermiddagen ein gong!


Då gjekk me hurtigruteleia denne gangen forbi Ulsteinvik, Torsvik, Myklebust mv. No skimte me Stad og dønningane tar seg opp:)


Gamla passert på sør, Stad er dermed unnagjort. Fin tur rundt, motorseilte ned til spissen, der hadde me null vind og dønning så seil måtte ned, litt slingring videre. Men heilt kurrant. Mange båtar som går rundt no som sikkert har venta


Me er klar for å komme oss heim no så blir litt rart å stoppe kl 16 då, går derfor mot Florø og ETA kl 2130!


Hornelen, Europas høgaste sjøklipp, 860 moh:) vakkert i ett ellers golt landskap som ber preg av at det må vère spesielt vèrhardt her oppe!


Flott fjordabåt:) 

Endelaust på innsida av Bremanger, heldigvis lagar ikkje autopiloten «dyre lydar» lengre så den gjer jobben saman med Yanmaren som er veldig flink i dag og tutlar i veg på 2400 o/min i 14 timar:)


Endelig ved kai i Florø, litt for lang dag med 14 timar for motor, det er noko anna når ein får seilt, vel, vel. 

Godt å ha dette strekket unnagjort, no e me på veg heim, ikkje så mykje på tur lengre! Turen stoppa liksom i Ålesund kjenner eg!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar