mandag 6. august 2018

Dag 60: Florø - Strusshamn (85 nmil)

Kl 07 hadde me fylt ein skvett diesel igjen og var avgårde, søkk blaut! Litt fristande å legge seg igjen når eg våkna kl 06 og høyrte regne bøtte ned på dekk, men det blir ein lang dag igjen så det ville blitt for dumt, sjølv om det skulle lette seinare, men vinden i mot skal også auke på i ettermiddag så berre å komme seg avgårde!


Me har lært at me fyller diesel når den er lett tilgjengelig, så eg fylte 23 liter og dermed ca full tank, med luftinga inn på dekk, ja du leste riktig, så er det noko skikkelig griseri å fylle til det er fult og det fossar ut luftinga!



Den norske hest, Alden er alltid innhylla i ein skydott, ekstra stor i dag!

Alt som trengs:)



Motortorpedobåten Steil, laga iallefall steile bølger:)

Å

Vakkert i Sognefjorden også, nesten over fjorden kom kulingen midt i trynet. Rolig marsjfart måtte vike om me skulle komme oss av flekken! 32 knop var det meste eg såg ved Skjerjehamn. 


Fensfjorden, da går no på fram tross kraftig motvind og motstraum!

Fonnesstraumen, her sakke me ikkje på nei, lure på kor liten båt du må ha før de roa ner...? Sjølvsagt greit for oss, men mykje sjø ja, to etter ein anna kom der:)


Alverstraumen er fin, nordre delen iallefall ved Feste


Det vart ei skikkleig lang økt i dag også, me har satt mål no til Strusshamn, der skal det vere ei flott gjestehamn som eg mange gonger har tenkt å stikke innom, i morgon blir det sjarmøretappe heim på berre 44 nmil:) Kuling frå sør i periodar er det meldt så dessverre vart det ingen seiling sør for Stad, men, men! Dette er ikkje turen om du MÅ seile heile tida!


Bergen på sør, akkurat 60 dagar sidan me passerte på nord! Det er litt utrulig å tenke på at eg har vore på tur i 60 dagar!!!:) Det har vore heilt fantastisk! Kjem ei oppsummering i morgon om ikkje kulingen blir for slitsom!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar