lørdag 10. november 2018

Ny FRI! 

Ja, etter mange og lange kveldar framfor PCen så handla me ny FRI i dag. Seilbåten er solgt, men skal ligge i vinteropplag hos oss til utpå våren. Nye FRI er ein NB820 Sport med 200 hk VP 41P og DPE drev. 900 timer og usedvanlig velholdt, ein eigar sidan ny og vanskelig å tru at båten kan være 15 år!!


Vel, me var så nært som det går ann å kjøpe ein nesten heilt ny Jeanneau 795. Det frista ikkje mindre når me fekk inspisere og prøve ein slik lokalt. I 14 ms imponerte den stort og NBen er neppe noko bedre sjøbåt enn denne. Etter å ha lest om Jeanneauen som litt plaga med knirk og ikkje så bra kvalitetsfølelse vart eg meget overbevist om dette ikkje stemmer!

Det som stoppa kjøpet av Jeanneau var ein litt sær garantiordning som i praksis gjorde ein båt kjøpt på Sørlandet, uten garanti på Vestlandet. Kun motor blir dekka av Yamaha i heile Norge, men lekkasje i vindu feks så måtte me levert båten til Arendal og mykje av vitsen vart plutselig borte med nyare båt. 

Joda, me kunne kjøpt heilt ny, men målet var å komme ned på ei investering som gjer at me no kan bruke feriane på andre ting enn båtturar feks så der passa sjølvsagt NBen mykje bedre med ein kvart mill lågare innkjøpspris så får me håpe at drift og vedlikehold av motor og drev ikkje blir så ille. Det er iallefall veldig velholdt av første eigar! Fartskravet vårt gav ikkje åpning for aksling sjølv om det er meir populært på denne NBen 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar