lørdag 17. november 2018

Henting av nye FRI

I grålysninga fredag morgon var Nye FRI sjøsatt. Etter ein rask gjennomgang med selger la me sørover. Planen me hadde om ein stille og fin tur fann me fort ut at gjekk i vasken. Det bles friskt i fergekøen og heimover var det hissig vind og mykje småbølger som merkes godt om ein ikkje roar farten. Turen på 2 timar vart dermed 3 timar, men, men. Båten er brei og går godt med liten motor og då er der ikkje til å unngå at det blir hard gangen... 

Faderen er alltid med når eg hentar båt og det har jammen blitt nokre turar oppigjennom åra:)

Nye FRI på plass i havna på midlertidig plass!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar