søndag 24. februar 2019

Fyrøya, for første gang!

Fantastisk start på vinterferien, nesten skremmande at det i februar er så fint på sjøen at me ikkje trong ha på verken dieselvarmer eller defroster...

Men før me kunne reise på tur måtte eg rydde litt. Jakten på lekkasjen i taket har ikkje gitt resultat enda, eit skikkelig mysterium. Alt er skrudd opp og funnet tight og fult i sikafleks så det er ingen åpenbare feil. Neste er lyskasteren, men der må eg ha hjelp då skruane går rundt inne og dermed er det ein to-manns-jobb.

Vel, irritasjonen ved å ha steroanlegg, men uten DAB og Bluetooth vart for stor. Lørdag rett før stenging svinga eg innom Elkjøp og impulskjøpte nytt:) Det er nok neppe NB som har montert det forrige som ein ser, men det har funka.


Nytt anlegg såg ut til å ha samme kobling, men den gjekk ikkje i og ved nermare studier så var koblingen sjølvsagt speilvendt:) Dvs alle koblingane måtte klyppast av og nye måtte settast på. Ikkje hadde eg slike vanntette koblinger heller, men det er ikkje mykje jobb å skifte om dette ikkje funker i lengden.
 
Lørdag fann eg ingen koblinger så med båten i eit kaos var det berre å stå tidlig opp søndag for å få orden sidan familien vil ut på fjorden! Kl 1130 var ting i orden, stereo med DAB+ og Bluetoot funka fint, no er det til og med handsfree i båten:) Kjekt å ha Spotify i båten for ungdommen og med DAB har ein også tilgang til konstant værmelding!



Nylig fekk me diesel- og bensinfylling i havna på Skjersholmane. Fantastisk praktisk då me ikkje treng fylle tanken til randen når det er så lett tilgjengelig, prikken over i`en er at det er ca 1 kr rimeligere enn andre alternativer i næromårdet så denne fyllinga dømt til å bli populær:)
 

Kjekt å ha båten "i uthavn", på Skjersholmane er du allerede på tur når du er i båten...
 
 

Veldig mykje lettare å få med ungdommen no, ikkje berre er det gøy å kjøre, men dei veit at ikkje heile dagen går i ein tur på sjøen slik som før...
 
Fyrøya var ein stor opptur, her er det forsåvidt lett å legge til med seilbåt også så eg veit rett og slett ikkje kvifor me aldri har vore her etter at det nye kaianlegget kom, for eit par år sidan. 

Flott anlegg, men når hurtigbåten passerer vert det skikkelig halloy ved bryggene, så her bør ein fendre godt opp ja... Supert smart lite "basseng" i kaien for dei minste... Ekostisk å få båten full av sand, det er jo ikkje kvar dag på vestlandet:)

Artig å treffe på ein anna NB820 Sport, så praten gjekk lett på kaien som det ofte gjer når eg hoppar på land;)


Ein fantastisk dag på sjøen, sola varma slik at eg måtte brette opp den tynne ullskjorta og jakken hang igjen i båten, men når disen kom så måtte jakken fram. Uansett skremmande varmt i Februar og vinterferien frå kommande onsdag på Seljestad vil nok by på rekordlite snø, men det kan skifte fort og derfor må ein nytte slike dagar, det kjem tidsnok drittver:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar