tirsdag 26. februar 2019

Nautøya - 2. tur i vinterferien!

Far min var med å henta båten, men mor mi har ikkje vore ombord enda så med fint vèr igjen og nært foreståande fjelltur frista det med enda ein tur på sjøen. Det å få ungdommen aktivisert i vinterferien og bort frå PCen var også eit mål i seg sjølv og etter litt overtalling lykkast me å få ein tur med ungdommen saman med besteforeldrene.


I dag skulle me ta bilder til ny annonsering av båthavna, men det vart litt for disig til å få dei gode bildene, men flott er det jo uansett:)


Det er fortsatt god plass i havna, det blir spennade med nye 88 meter brygger om eit par veker:)



Innløpet sett fra lufta, det er større plass enn det ser ut fra når du nermar deg for første gang:)


I dag la me kursen mot Nautøya vest om Føyno, flotte rekreasjonsområder i fantastisk ver sjølv om det ikkje var så varmt i dag som på søndag pga disen.


 Ikkje alle veit om det flotte brygge-anlegget på Nautøya, her er supert å ligge og me har lagt her med seilbåten longside også, men då må du passe litt på kvar du legg deg til. På anker er det djupt nok, men det er ei grunne på 3 meter 50 meter fra land så det er grunt her, men det går fint med større seilbåtar også.
 

Drona har ikkje fått lufta seg sidan turen til Nord-Norge. Avtalen med fruen var såvidt eg hugsar at eg skulle selge den etter endt tur, men er jo jysla kjekk å ha også:)



Temaet "Hekksjø i solnedgang" går aldri av moten:)


Kjekt med 3. generasjoner på tur, smart å invitere med seg besteforeldrene, då er godsakene sikra:)
 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar