søndag 17. mars 2019

Siste reise - for vår del!

Dagen måtte komme, sjølv om FRI vart solgt og betalt i fjor høst, avtalte me at den skulle leveres til våren, ferdig vårpussa med ny belg.


Det vart sjølvsagt hektisk i Mars for å få båten klar! Vinteropplaget har ikkje tatt så mykje tid sidan eg er i havna omtrendt kvar dag uansett og me raskt fekk den nye båten der. Men å både ta vårpuss, motorservice, rydde ut og vaske over alt, samt bytte belg med div demonteringer av innredning, som motorrom, dører, bord gjorde at det har vore lange kvelder nesten kvar dag dei siste 2 vekene.

Det var mykje meir vår i Februar når me planla seilasen til Stavanger saman med ny eigar, enn det vart i Mars. Turen sørover vart derfor ein flott, men heller kjølig affære.

Ny eigar ynskjer ankervinsj i baug og denne skal monteres no av W-Yachts. Det passa fint med ein overleveringstur saman med ny eigar ned til Åmøy utanfor Stavanger 50 nmil og 9 timar. Det er mange detaljer i ein seilbåt og eg håpar dei fekk det viktigste med seg nedover til Stavanger, der me seilte litt både i Bømlafjorden (til og med eg må innrømme at det er litt surt å seile i 2 grader og regn). Over Boknafjorden fekk me litt meir vind og fekk seilt ein times tid der heising og firing av seil, bruk av cunningham og det å ta rev og sleppe ut rev vart prøvd ut.

Sletta gjekk for motor pga motvind, lite vind og ein del dønning. Eg syns dei tok det raskt til knapt å ha seilt før så dette trur eg går heilt supert:) FRI har mange løsninger for seilhåndtering som eg trur dei vil lære å sette pris på etterkvart som dei blir meir erfarne:)


Ryvarden for siste gang i FRI, det er vemodig, men valget er riktig no (alle vart overbevist av det?;), heheh! Vel, vel

Havet ser som alltid flatt ut på bilder, men det var ca 2 meter dønning og Sletta er jo som alltid "humpete", mykje rolegare over Boknafjorden sjølv om dønningene der nok var minst like store
 Fortødd i Stavanger for ankervinsj-montering. Det er berre å innsjå at det er over for denne gang iallefall.

Ein passe sliten seiler, her ventande på transport heim igjen frå Arsvågen. 

Safety first forresten, eg likar ikkje å dra ut uten ein plan B om morderskipet må forlates av ein eller anna grunn. Spesielt når det er 6 grader i vatnet som no, men dette gjeld heile året. Ei jolle er 1000 gonger bedre enn ingenting, men flåte er sjølvsagt det riktige. Me har hatt flåte ombord på FRI sidan den var ny. I fjor kjøpte me ein portabel flåte som no har plass i NBen.

DÅ GJENSTÅR DET BERRE Å YNSKJE NYE EIERE ALL MULIG LYKKE TIL!

De sier at de neppe hadde kjøpt båten uten denne bloggen, så det var jo hyggelig å høre:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar