mandag 11. mars 2019

Vårpuss av S/Y FRI

Seilbåten vart solgt med løfter om vårpuss og belgbytte. Levering skjer så snart det er vèr til å starte turen sørover. Egentlig planlagt kommande helg, men ser ut til å bli «sønnavind og vatn» så kanskje det blir utsatt.

I skrivande stund er vinteren tilbake og eg er glad eg fekk det til før ustabil vermelding gjer at det er for risikabelt å ta seilbåt med riggen på, på land. No var det ikkje akkurat vårfølelse når me stod på land, men eg jobbar ekstremt effektivt og haldt dermed også varmen godt.

Fine båten, det er for ille at den er solgt, eg merkar at det er ikkje heilt greit at den er solgt, men eg veit at det er riktig valg no...


Polering måtte tas onsdag kveld då det plutselig vart meldt stiv kuling fredag, bra me fekk den ut, det er ikkje smart å stå på land i så mykje vind, i tilleg var det side vind og harde vindkast...



Etter berre 4 dagar har båten fått ny belg, nye simeringer på aksling og full vårpuss med sinkbytte.




Belgen var planlagt bytta før Nord-Norge turen så halve kostnaden var tatt allerede, men som venta ser den gml belgen ut som ny (det kvite ein ser er glassfiber støv så har har det vore knusktørt)... Totalt wast of money, problemet er at du ser ikkje det før du har bytta, iallefall må motor og drev ut, då kan du like gjerne bytte sjølv om 6.500 for pakningen er dyrt.

Etter utsett var det direkte til foredrag med Magne Klann og Norge om babord, utrulig sprek tur og kjekt å sjå igjen kysten vår, eg har nok ikkje seilt min siste langtur sjølv om eg neppe tar NBen til Nord_Norge, hehe... Time will show...




Nokre timar både lørdag og søndag måtte til før all innredning var satt på plass igjen etter belgbytte, motorolje skifta og ikkje minst vask av dekket, det er mykje jobb, det blir bra skittent over ein vinter. MEN no er båten nesten som ny:)

Heldigvis vart det også tid til ein kort tur med NBen, litt fisk fekk me, men den store torsken som eg er sikker på eg hadde på til den nesten var oppe glapp, vel vel... Besteforeldre og yngstemann på tokt denne gangen, kjekt med besøk i båten når besøket har med vaflar og is:)
Tittelsnes denne gangen og flua der ute... mykje strøm så det blir litt styr å få fiska der



Kjekt at yngstemannviser interesse for kjøringa, har ikkje vore så interessert før no:)

Sjølv om de var null grader var eg veldig bestemt på å vaske båten når eg kom inn i mørket.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar