fredag 31. mai 2019

Kanal-tur! Røyksund og Kuleseid!

Kjekt å ta turar me ikkje kunne med seilbåten så etter litt mislykka fisking ved Otterøya la me kursen mot Nautøya og friluftsområdet der. 7 knop og matlaging undervegs, når me kom fram låg det ein båt og slødde fisk der så me fann ute me kunne svippe bort til Røyksund.

Trist å sjå korleis denne fantastiske plassen fortsatt ser ut, men det ser ut som området no bygges ut med hytter, så får me håpe dei ser seg mon i å tilby gjestebrygger, for er er det flott å ligge med båt i all salgs vær. I innløpet av det no satt ny plank på stengene, veldig greit for her er det til tider mykje strøm og "korken" vår må ha ein del fart for ikkje å gå sidelengs.








Me var ein rask tur på land i Røyksund før me la kursten gjennom denne flotte leia mot Finnås og Kuleseid. Det ser veldig grunt ut på kartet, men det var ca 2 meter på ganske fjære sjø. Iflg Navionics skulle det vere 1 meter så dermed er det vel ein del som droppar turen, men her går ganske store båtar. Du må berre halde deg på rett siden av stakane og helst ikkje møte store båtar på dei smalaste plassane så går det fint:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar