søndag 30. juni 2019

Vaktbåt - Stord Rundt 2019

Som ivrig seiler må ein nokon gonger også bidra på arrangement sida, med den litle seilbåten me har no er ikkje slike lengre seilaser så aktuelle lengre så eg meldte meg frivillig til å arrangere denne gangen!

Dersom det er høgtrykk i Juni er det nesten alltid stille om natta så seilasen med start frå Bjelkarøy kl 1800 og mål på Stord Havn, 40 nmil seinare blir ofte ein tolmodighetsprøve. For å unngå at mange gir seg og enten går tilbake til Bergen eller går for motor til Stord avkortet me som oftast hvis vinden dør om natta, erfaringsmessig er det ikke gong på vinden før langt på formiddagen og då er det langt igjen.







Me gjekk først til Eggøya og opp «i varden» som me seier, der ser me minst 10 nmil, men ingen båtar å sjå kl 2330 noko AISen bekrefta (synd ikkje all har AIS).

Me la oss litt nedpå sidan det var blikk stille, er var på varden igjen kl 0330, men då hadde to båtar fått vind og var for nært Sigleflu til at me kunne avkorte der, uansett var plan B Langøy, der er det mykje bedre forhold for å ta i mål uansett, me kasta oss i båten og satte ut bøye ved Torsdagsøy og så fortødde me på flytebrygga Friluftsrådet har lagt ut på Langøy, ein flott idyll!

Kl 1000 var alle i mål og me la inn alle resultatene før me plukka opp bøyen og satte kursen mot sør, kjekt med fart på slike turar 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar