onsdag 4. september 2019

Høsten 2019

Etter sommerferien tok det tid før det igjen vart ledig tid til å bruke båten litt. 50 årsdag på Fitjar var perfekt anledning å bruke båten, då slepp ein stress med å komme seg heim på kvelden/natta. Kanskje tar me båten i neste 50 årsdag som er i midten av Sept på Karmøy, men då må det vere ok vermeldinger over Sletta...

 

Me gjekk ut alle mann til Eggøya på fredagskvelden. Skikkelig høstfølelse med dårlig sikt i perioder og ganske mykje drag i sjøen ved Eggøya.


Lørdagen: Brandasund og ein tur på Brandasundsåto etter at me hadde dratt teiner og gadn. Ikkje den heilt store fangsten (5 skater, men heldigvis nok krabbar til at krabbefiskarane på 11 år fekk levert avtalt fangst på Fitjar seinar på dagen!

Søndag morgon tøffa me ut til Smedholmen før me åt frokost, triveligare der sjølv om gjestehavna på Fitjar er fin den også. Ei 3 etasjes leilighet kom rekande medan eg nøyt kaffien på land, jaja...

 Etter at Fitjar kommune overtok Smedholmen har dei no press på seg for å fikse opp i det som ikkje vart fiksa opp før. Det ser ut til at dei tek oppgåva alvorlig for her var stilas på alle hus og mykje materialer...
Me har aldri surra oss til å gå inn frå austsida, men i dag var her veldig lunt og fint, brygga er dog ikkje stort større enn at den husar to båtar... Litt lurvete på nordsida i innløpet, men tar ein del rolig så går nok det fint...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar