lørdag 28. desember 2019

Oppsummering av 2019

Det er få dager igjen av året, men en flott høst har gjort at båten har vore i bruk jevnlig heile hausten.

I starten av September var det på tide å fylle tanken igjen, sjølv med ganske regelmessig bruk er forbruket absolutt til å leve med, Volvo og drev er ikkje ille på forbruket. Eg regnar ca 30 liter pr time i 22 knop, så det blir ca 1,3-1,4 liter pr mil. Ein tur til Eggøyo og vår friplass kostar dermed ca 450 kroner, det er kanskje ikkje det mest miljøvennlige ein kan finne på, men eg lever godt med den prisen sjølv om det nokon gonger berre er på dagstur. Det er igjen snakk om å innføre avgift på diesel også til bruk på sjøen. Det er ikkje ønskelig, men i disse miljøtider er det kanskje riktig, hvis det skjer har me valgt ein ok båt syns eg, plass og fart vs forbruk er det ikkje mange båter som matcher.


7. September: Klart for dugnad første helga i September, supert vèr og ei god arbeidsøkt på Eggøyo i Fitjarøyane! Litt vind var det, men ikkje verre enn at me holdt 18-20 knop heile vegen.

6. Oktober: Dagen etter Windjammer Seilasen og så fint ver at det ikkje var mulig å la båten ligge, igjen ein svipptur til Eggøyo der både onkelbarn og foreldre også hadde tatt turen, veldig kjekt. Time telleren glimta til for ein gongsskuld og derfor foreviges dette kvar gong det skjer slik at eg har nokonlunde dokumentasjon på timene motoren har gått, det skal legges til 150 på dette og dermed 1050 timer sidan 2003, ikkje mykje. Ca 70 timar sidan me henta båten forrige høst så ikkje allverden med bruk, men den går raskt så det blir faktisk nokre nautisk mil av 70 timar.




17. November: Det var på overtid å få vinterstengt sommarplassen, dårlig ver med mykje drag hadde vanskeliggjort dette for far min, men denne dagen var det meldt havblikk så me heiv oss i båten tidlig søndag morgon og gjekk tur/retur Eggøyo uten ein krusning, det er digg. Likevel var det ein del drag med bryggene, men me fekk fortødd der longsid med nokre digre blåser, men det røkka godt i fortøyningane og me skulle hatt strekkfiskar. Det er på tide å få live i bøyen som havarerte slik at me kan la båten ligge utpå, men då treng me å få montert jollen bak, snappdaviter fulgte med, men gummibåten vår er for stor til 820en så det har blitt med tanken, sidan me har flåte ombord er ikkje jolle kritisk viktig...





8. December:
Dårlig ver sidan 17. november så ingen båttur, men eit forsøk på varmkjøring i båsen, med motoren ikobla på tomgang, det gjekk sånn delvis, men ein får ikkje over 70 grader uten å ta båten i plan samme kor lenge den ligg og går. Dei lærde strides om ein skal starte ein motor om den ikkje får oppnå driftstemperatur og då så lenge at olja også får driftstemperatur. Eg tenker at det er det ideelle, men at det er bedre å kjøre motoren kvar 3 veke enn å ikkje gjere det tenker eg. Kjekt med litt tid i båten, jakten på lekkasjen i taket var avslutta og synderen var lyskasteren, men så var det ikkje så enkelt likevel, i romjula dryppa det lystig igjen ned på sofaputene, eit mysterium. No er lyskasteren dekka til enda bedre, sidan alle andre ting er sjekka ut av saken MÅ det vere denne, me får sjå, store nedbørsmengder på veg så me skal få testa dette skikkelig ser det ut til, snarlig...

25. Desember:
Ut på fisketur, svigers på julebesøk og artig for han å prøve vår 820 sidan han har ein 820 Sport sjølv med aksling. Dommen er at Yanmaren hans lagar meir støy og farten veit me jo at er lågare og dermed dieselforbruket høgare, men drev har meir vedlikehold og er kostbart om det må må byttast så det blir ei vurdering kva ein ynskjer...


26. Desember:
Fortsatt flott ver så eg og poden droppa fjellturen og tok oss enda ein fisketur, elendig resultats om dagen før så her må det til litt bedre fiskeutstyr... Jammen slumpa ikkje timetelleren til igjen, 8 timar sidan Oktober så litt bruk har det blitt...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar