søndag 26. januar 2020

Årets første tur!


Tur og tur, men ein tur utpå for å moe motor og drev vart det lørdag 18. januar. Hektisk på jobb sidan romjula; men det har ikkje vore noko fint ver for å fiske i heller!

Når eg svippa nerom for å sjå til båten og fortsatt kunne konstatere at det er lyskasteren som har vore synderen til lekkasjen i taket sidan me fekk båten, var vêret fint og ganske stille! Dermed vart det ein rask tur utpå, innom Leirvik havn og sakte forbi Fyrøya før eg peisa tilbake på Skjersholmane, 3500 o/min gir fortsatt 26 knop som eg reknar som maks marsjfart, eg går aldri med så mykje over lengre distanse, men kjekt å sjå at temp etc held seg likt sjølv om ein gir på litt ei stund...

I slik fart må sjøen vere flat og ein må feks klare å oppdage dønninger etter ferja. Når ein feks surrer med kartplotteren i stedenfor blir det fort luftig, men det gjekk fint, litt hard landing, men kaffikoppen vart ståande!



Timetelleren glimtar igjen, 910 timer, pluss 150= 1060 timer frå 2003, ikkje mykje nei...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar