tirsdag 23. juni 2020

Stord Rundt 2020

Etter forrige helg har det kun vore seiling, tirsdagen seilte me Tirsdagsseilas og så til helga var det endelig Stord Rundt. Det fantastiske veret som var meldt vart ikkje fullt så fantastisk, men uansett, seiling er seiling!

Freag kveld la me ut mot Bekkjarvik i flott og varmt sommarver, ved Ålfora vart det motor til Bekkjarvik. Litt for fuktig vart det nok og på toppen av dette var det inn i hampen med knott i Bekkjarvik i duskregnet og med 0.0 meter pr sekund vind!

Me innsåg fort at det kunne bli stang inn eller ut på sørgåande løp fra Bekkjarvik til Skjersholmane sør på Stord. 0-1 ms i starten gir oss enten eit fortrinn eller ein stor ulempe sidan båten vår ikkje har antydning av sig så stoppar det så stoppar det og mang ein gang har me sett at større tyngre båtar går gjennom stillebeltene og ut i vinden medan me vert liggjande. Me gjekk derfor bort frå dei andre båtane i starten ned mot Selbjørnsfjorden, det vart ok, me stoppa ikkje og kneka oss over Selbjørnsfjorden uten å stoppe heilt opp sjølv om vinden var knapt merkbar. Nedover Nyleia vart det bedre, før det vart bomstopp ved Sagvåg, heldigvis kom det litt trekk og me kom oss i mål før maksimaltida. Fasit vart 2. plass på sørgåande, veldig nøgde naturlig nok.

Nytt av året var at me samla alle på Skjersholmane, ein stor suksess syns me.

Søndagen varta opp med same vertype som lørdag, overskya og regn i lufta, men som meldt kom både vind fra sør og sol utover dagen og det vart rett så trivelig nedover Nyleia. Forbi staken på Sigleflu trudde me at LitleFRI hadde sett sin siste time, totalt innelåst og langt over grensa for broach, men det gjekk fint.


6 sekunder fra 2. plass søndagen, gav oss ein 1. plass samanlagt, veldig nøgd med det sjølv om det var gode forhold for oss. Alt i alt ei fantastisk helg og tungt mandag morgon:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar