søndag 30. august 2020

Sommaren 2020

Eg ser at målet om å blogge litt for kvar tur slik at dette fungerte som ei loggbok ikkje har skjedd på lenge så me får heller ta litt oppsummering:)

Det har blitt ganske bra med seiling i år, med gode resultat, nr 1 eller 2 på Tirsdagsseilasane og Stord Meister i vårt lokale Meisterskap var stas! Ekstra kjekt at eg fekk med minstemann Ola på 12 på
fredagens baneseilas, han syns det var bra flaut å komme i avisa!!:)


Men før dette var det jo både forsommer og sommerferie. NBen har mest blitt brukt til helgeturer til Eggøyo, veldig fornøyd med båten som kombi båt, god nok plass til at den er fin ikkje berre som sovebåt, men også å oppholde seg i og ha besøk i!

Til og med heimekontor fungerer fint her, i det nydelige vèret som var på forsommeren kunne eg ikkje alltid sitte på kontoret og sjå ut på det fantastiske båtvèret!


Sommaren gjekk berre til Bergen og heim igjen, men ei fin veke med der me både var på Eggøyo og så innom Møkster, Bjorøy for å besøke venner og så nokre dagar i Bergen. Låg i gjestehavna på Laksevåg denne gangen og det var veldig rolig og behagelig ifht det me er vant med i Bergen!


Mykje flott ver i 2020, med unntak av ferien sjølvsagt! Då er det kjekt med heilårsbåt så egentlig ikkje noko stress for min del, med tenåringer i huset så blir det uansett ikkje dei store ekspedisjonane dei kommande årene med båten, men heller nokre dagar ute og så heim nokre dagar!

Siste på båtfronten er helgas bytte av ungdomsbåt fra GH11 til GH14S. Med den fiskeinteressen den yngste har no gjekk det ikkje med berre GH11. Den nye er eit kompromiss, blir interessa enda større så må me kanskje opp på ein Sting/Øien, men slikt er ikkje billig så først får me prøve denne 14 fotaren litt!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar