søndag 14. november 2021

Sommeren 2021

Blogging er no av sjelden sort, planen er å blir flinkare sidan det er veldig kjekt å sjå tilbake på turane me har hatt med båten...

Etter at båten var på land så har den blitt brukt mykje, i skrivande stund skriv me 14. november og me er faktisk på overnattingstur til Romsa i nydelig vèr. Herlig med heilårsbåt.

Fritt fra hukommelsen siden siste oppdatering;

Sleping av brygger til Eggøyo:

Det var på høg tid å få lagt ut ny og betydelig større og bedre brygge på Eggøya. Me snikra den på Skjersholmane og NBen måtte ta ei 4 timars økt som slepebåt, 16 nmil med ca 4 knops fart. Dette var også starten på båtdelen av ferien, etter 14 dagar i bil til Nord-Norge.

Første veke var eg og Ola åleine i Eggøya medan June og Amund jobba. 2 av dagane la eg turen til Bjorøy utanfor Flesland og besøkte min barndomskompis, Per-Vidar med familie. Ola ville heller fiske i Eggøya så litt tur åleine og første gang i litt dårlig ver med båten. Over Selbjørnsforden over til Stolmen i frisk nordlig solgangsbris, men dette er ingen sak for denne båten. 8-12 knop går fint å halde sjølv i stor sjø.

Utsira-Stavanger-Jørpeland

Når June tok sin siste del av ferien, henta me ho på Fitjar og hadde veldig trivelig stor-familie samling i Eggøyo før me møtte gode venner fra Horten på Leirvik og derfor vart det overnatting i egen havn 1 natt, i ferien! Vermeldingane var flotte for kommande veke så endelig skulle det passe å legge kursen ut i havet og til Utsira. Søndag kl. 09 la me derfor kursen sør og ut i havet, 2 timar etterpå var me ved kai på Utsira og June spesielt er veldig fornødd med at ein slik etappe ikkje tar heile dagen:) Havblikk heile vegen! Utsira var enda flottare enn eg hadde sett for meg, der er slike turar som er så gøy med båt, komme til nye plassar som du ellers sjelden ville tatt, sjølv om det går dagleg ferge ut der. Dagen etter gjekk turen via dei flytande testwindmøllene, Zepyros og TetraSpar som er ein viktig del av jobben min som prosjektutvikler i katapulten Sustainable Energy. Målet for dagen var Kvitsøy, også ein plass me aldri har stoppa på før. Flott plass dette også, men veldig varmt og klamt så me trong ikkje sjekke yr.no for å skjønne at dårlig ver var i gjøre. Me gjekk videre til Stavanger dagen etter og då i tett skodd og radaren kom skikkelig til nytte for første gang. Etter 2 dagar i Stavanger reiste yngstemann heim med kystbussen og me var åleine for første gang over meir enn korte turar, i båten. Dette er jo slik det blir når avkommet flyttar ut. Turen gjekk til Jørpeland og Preikestolen stod på agendaen, det blir nok mange slike turar når det berre er oss to. I båt er det om mulig enda viktigare å bevege seg enn ellers, det blir i overkant mykje kos og god mat og drikke ja:)

Ferien gjekk mot slutten så etter Preikestolen gjekk me kvelden etter til Østhusvik, ein veldig rolig plass, einast båt som låg til bryggene der. Etter ein god frokost var neste mål svigermor i Haugesund. Me ankom tidlig ettermiddag og eg såg det skulle blese opp frå NV over Sletto og då veit jo alle at det fort blir friskt. Damene skulle berre lage ein rask middag og eg lot være å stresse med å komme oss over, gradvis aukande utover kvelden til 12 ms, men ein rask middag så ville me jo vere over før det bles skikkelig opp... Mja, rask middag tok 5 timar så derfor kom me ikkje avgårde før kl. 2130 og turen over Sletta vart ein skikkelig test av båten, men den bestod med glans, fyflate for ein god sjøbåt. Det vart mørkt før me ankom heimehavna, men dette vart 2 veldig kjekke veker i båten der me verkelig fant roen!

Øvrige turar:

Det har ikkje blitt tid til overnattingsturar utenom turar til Eggøyo etter dette, men i år har me fått brukt båten mykje og i sept fekk me endelig tatt turen med vårt gode vennepar Ola og Cathrine og ungane, men dessverre vart det så dårlig ver at me valgte å reise inn lørdag kveld, uansett ein kjekk tur og fleire slike skal det bli på Eggøyo, ein super plass å ha med venner med stort hus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar