søndag 20. juni 2021

Ny «minste FRI»

 Poden har verkelig fått opp interessen for fisking. I fjor innsåg me at GH11 var lite egna til slik og kjøpte derfor ein GH 14S, super båt og eg har jo alltid vore svak på GH sidan barndommen, men også GH14s vart litt upraktisk til omfattande fiske. Heilt super til mykje, men eg syns ikkje denne heller var stabil nok når ein dreg tunge teiner over ripa og det er bølger så derfor vart det ny enda ein gong, denne gongen ein STING 475 Pro. 

Ein litt sjelden fugl då det nok er slik at veldig mange kjøper 535 versjonen når dei kjøper ny, den er ikkje meir enn 20-30 kNOK dyrare og no trur eg også 475 versjonen er tatt ut av portefølgen så det fortel vel sitt om at omsetningen ikkje var god nok. Uansett, 475 er ingen dum båt, det er berre at 535 er mykje større for berre litt meir penger som ny. 

475en er også veldig stabil om en sjølvsagt ikkje så bra som 535, men som brukt har prisane også blitt ganske så forskjellig så 475 var meir enn nok prismessig, men den dekker også behovet fult ut. Her er både stabiliteten og ikkje minst rekkene så høge at ein uten problem kan stå å fiske og ingen problem å dra teiner eller garn over ripa:)

Båten var sjølvsagt i Tønsberg så me fekk prøvd nybilen, 16 timar tok det tur/retur!!
Ca dobbelt forbruk med 500-600 kg på hengeren, få ladeplasser er planlagt for elbil med henger så normalt må hengeren hektast av, men her måtte me berre har 5 min lading for å rekke neste så då stilte me oss på tvers:)
Testing i Tønsberg!! Her er det lenge sidan me var med egen båt, men på starten av 2000 budde me i Oslo og var ofte her med seilbåten...
Kjekk båt som no er for salg, stor interesse så dette er populære båtar og det gjer også at ein kan bruke litt penger til ungdommen då verdifallet er svært lågt så den dagen dei flytter ut så får me heller selge igjen...
Jomfrutur med besteforeldre som mannskap!
Blir tung i hekken med far bak rattet;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar