mandag 16. mai 2022

Kort Eggøytur

Etter å ha jobba med den nye seilbåten heile søndagen var det digg å starte opp NBen og sige utover til Eggøya og eit stjålet døgn i båten. Mandagen 16.5 fann eg ut at eg kunne avspasere med så mange plusstimar all reisinga har gitt. 


Vermeldinga var nær perfekt, men litt skeptisk når et gjekk iinn i skodde heimen like før Eggøyo. På med radaren og den gir god trygghet, nokre 100 meter var det ubehagelig dårlig sikt og då er radaren god å ha, men løyste seg og heldigvis låg det ikkje skodde dagen etter, men skyfri himmel 


Vindusrens gjekk mesteparten av dagen til. Veldig nøgd

Sjelden me ser så store båtar gå vest av Eggøya!

6 knop og 4 liter

Herlig ver på mandagen og det frista lite å legge kursen heim igjen…

Pga dei ekstreme dieselprisene vart det denne turen prøvd å gå med sakte fart. Ingenting hasta for meg denne turen. Siste 10 min gir eg motoren 3000 o/min av 3500 så reknar med den går seg rein på den tida, men ingen soting merkes sjølv etter to timar. Dieselforbruket er hinsides før…På 1200-1300 omin går me 6 knop og brukar ca 4 liter i timen. Aukar me farten 3 gonger til 18 knop går forbruket opp til 35-38 liter time.

Tur-retur er ca 30 nmil og denne turen var knapt synleg på dei gjennomsiktige tankarne 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar