mandag 29. mai 2023

Kva har skjedd siste året…

Blogging har halta lenge, men det er ei veldig kjekk loggbok for meg så målet er å bli meir aktiv igjen.

Båten har vore i god drift sidan forrige innlegg for over 1 år sidan. Me fekk ei flott sommerveke i Hardanger i fjor og mange dagsturer utover hausten, me har og mange turar til Eggøya. Likevel har me vore nært å selge båten pga hyttekjøp i Nord-Norge. No er den planen lagt død, båten blir me berre meir og meir glad i. Sjølv om det er mykje utgifter og binding av kapital mer ein slik båt så får ein likevel mykje for pengane med ein NB870. Du får ikkje rare skjærgårdsjeeper for samme mndsum.

I vinter fekk eg endelig på juksahjulet eg fekk penger til i 50 årsgave. Hadde nokre flotte vinterturar med stor sei på kroken.




I skrivande stund er meg og fruen på Pinsetur, først Huglo lørdag til søndag med ein lang tur i jakten på Trimpoeng, Skjønhammar og Høgafjellet. Huglo er lang så flott å kunne låne syklar, heldigvis var 2 av 4 i brukbar stand!




No ligg me på Husnes, lite båtar som nok skyldes kaldt ver og Håndballfestival på Stord.

Det blir nok ikkje noko langtur i sommar sjølv om dieselprisen er 6 kr ned frå i fjor. Men eg har lyst til å komme meg nordover til Værlandet, om vèret er bra

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar