søndag 25. juni 2023

Vest av Bømlo

Den årevis turen «Stord på langs» gjekk av stabelen lørdag 17. juni. I fjor juksa me og tok med gode venner i båten, gjekk sakte dei 16 nmilen og spise reker i 28 grader og blikkstille. Fantastisk, men det er også flott å gå ove fjellet saman med mange andre. 

I år bestemte me oss derfor for å ta båten til Fitjar fredag og så sitte på med Fitjar folk tilbake til Stord, for så å gå tilbake til Fitjar før «revy», som i år er eit musikkshow.

Kjekt å ha båten der også så ein slepp skyss seint på natt.

Også i år vart det eit fantastisk ver, men 25 grader og lite vind. Fredagen fann me derfor ut at me endelig skulle gå indrelei, vest av Bømlo. Ca 35 nmil.

Ein uforgløymelege tur, gjennom Røyksund og Kuleseid før me satte kursen nordover innom kvart eit smalt sund til me kom via Bismarkanalen og «Dørastokken»



Denne turen og dagen etter over fjellet vart høgdepunktet, musikkshowet litt nedtur etter dei utallige fantastiske revyane me har fått med oss med Ole Bergensen og co!

Søndagen varta opp med samme godværet sjølv om det var meldt uvær på ettermiddagen. Mange timar østpå Smedholmen med bading vart det før me satte kursen heimover. Sjølvsagt fekk me kuling i tryne på slutten og ein heftig entre av innløpet til Skjersholmane med øst-sør-øst stivkuling, men god fart, uten kaffikopp går jo det fint!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar