Båtturen på Vestlandet blir kortare enn planlagt i år, me reiser alltid 2 veker til Nord-Norge først, men i år var vermeldingane for 3. veka så mykje betre i nord enn vest at fruen flytta billetten og eg utsatte returen på motorsykkelen!
Det er og tradisjon at eg gjer vedlikehold av svigerfar sin Nb 820 Sport, så også i år og dermed var det jo ekstra kjekt å få bruke den nokre dagar i draumever!
Målet var Meløyvær og ferskvannsfiske på Rollnes. Sistnevnte måtte droppast, det var rett og slett altfor varmt. Fisken bit dårlig, men også fordi det blir slitsomt mog mykje insekt elskar jo svette mennesker😳
Meløyvær må vere Nord-Norge sitt svar på Koster, herlighet så flott og alt var veldig velholdt!
Etter Meløyvær skulle me til Rollnes, men i det sinnsvakt fine vèret stoppa me på ein heilt magisk strand me hadde sett på veg ut til Meløyvær. Der var det ein bøy me kunne ligge i og padles oss inn til stranda. Slik er det jo i nord med 2 meter forskjell på flo og fjære…
Bading i nord har aldri skjedd før for min del, men med nesten 30 grader på land så var det faktisk heilt nødvendig! Temp i sjøen? Mja, 14-15 ganske, friskt var det iallefall😂
Det var så fint at me overnatta i bøyen og gikk innom Rollnes på veg heim dagen etter, flott plass der også og me har kjente me besøkte der med fantastisk gjestfrihet som alltid i NordNorge!
Etter nokre timar satte me kurs mot heimehavna og då kom også vind og litt lågare temp, men ikkje noko vestlenninger tenker på som anna enn «ok sommarver»😅
Takk for lån av ein veldig kjekk båt👍
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar