lørdag 27. juli 2024

Båtferien på Vestlandet

Nord-Norge ferien vart forlenga som følge av herlig ver der og middels her heime, men nokre dagar på båten måtte me få på Vestlandet også.

Eg kom heim på MCen fredag ettermiddag og søndag ettermiddag la eg avgårde, åleine først natta.

I Ferøyo, så me kallar plassen rett utanfor Sandvikvåg der det tidligare var Hummerpark, har eg vore mykje i ungdommen. Eg har til og med jobba med å fanga og pakka hummer som tenåring…

Her er det no laga fint til med trekledd betongbrygge og litt historikk om parken med ein fiffig løsning der du kan trykke på ein knapp å få nokre historier frå dei som dreiv parken, spelt av over høytaler.

Det er også flotte benker og bålpanner, bygd av restane etter bygningsmassen som no er tatt ned!

Mandag henta eg fruen i Sandvikvåg og me gjekk videre til Austevoll og det årevise vennetreffet i Vinnesvågen! Det er denne gjengen me skal seile i Kroatia med så her skulle me, mellomanna, planlegge seilferien!


Litt hektisk, hasta me videre seint tirsdagskveld til våre neste «venner med hytte ved sjøen», på Bjorøy. Eg tok sjansen med litt lite diesel etter å ha svidde av veldige mengder opp langs Stord til Austevoll. På grunn av lite bruk hadde det danna seg voldsomt med rur på propellen og det mangla faktisk 5 knop, 14 mot normalt 19 på 2900 omin! Dykking med smergelpapir ordna biffen i Austevoll.

Men me kom fram til Bjorøy, men aldri har me hatt så lite igjen på tanken.

Etter kjekt lag på Bjorøy vart det Bergen to døgn før me hadde familietreff i Austevoll igjen for å feire far min sin 79 årsdag! Veldig kjekt, etter middag på Gjestgiveriet gjekk me igjen til Ferøyo for å vise han far korleis det hadde blitt laga til der!

Flott tur som vart litt for kort syns eg…



FFlott med frokost underveis nedover til Austevoll igjen og deilig med 19-20 knop igjen når frokosten var over…



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar