Mykje båt i år, men lite bruk av NBen. Sånn er det av og til, men litt bruk av den har det også vore.
Blant anna ein fin tur med overnatting på Kolsøy igjen, kjekk plass.
No består «rederiet» av tre båtar, NBen, LitleFRI (J80) der eg eig 50% og fiskebåten (Innværsnekke med 10 hk Saab) som poden fiskar kreps med…
Vanlegvis seiler me dei fleste Tirsdagsseilasane på hausten, men mykje reising på jobb og ferie gjorde at det i år vart null, for første gong.
Men me fekk med oss Windjammer og Klasen, bildene er frå Windjammer, kjekk seilas som enda med gennaker i sjøen, 30 min for å få den ombord igjen, og dermed siste plass… Shit happens!
Derfor vart sigeren i Klasen ein stoe opptur og fin avslutning på sesongen! No er alt av seil og trekk tørka og pakka på loftet…
Men dei to andre båtane er i heilårsbruk…
NBen skal no snart få ein større sjekk av motor med rens av kjølere og for sikkerhetsskyld skrur verkstaden ut injektorane og sender dei inn for sjekk…
Me har også tatt på oss eit oppussingsprosjekt av ein Uttern 68D, meir om det seinare…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar