fredag 13. september 2024

Årets høgdepunkt, Seilferie i Kroatia!!!

Dette har me gleda oss til heile året, etter at turen vart bestilt i nyttårshelga!

Det vart eit flott veke, sjølv om me ikkje fekk så fint ver som ein drøymer om. Uansett, 5 av 7 dagar med sol og fin temperatur er heilt innanfor, men me fekk også uvær og i Bol snudde vinden slik at det vart ei natt med lite søvn og stormfortøyningar!

Uansett vart det ei herlig veke, topp motivert gjeng som bidrog upåklagelig i havnemanøvrane og undervegs for seil!



Me har hatt Hanse seilbåt før og dermed valgte me å leige Hanse her også!

Hanse 410 er ein heilt ny modell og berre nokre mnd gml båt. Det var ein nydelig båt, enormt med plass til berre å vere 41 for! Denne fungerte fint for 3 par. Unntaket er litt lite stuveplass, men med litt nitidig pakking ombord fann me luker i dørkar og andre plasser til å pakke bort baggar og anna me ikkje trong i det daglege!

Me kjørte safe sidan det var første gong for våre venner, me hadde ikkje lange etapper, ideen om å stå opp tidlig å gå ut før alle andre vart ikkje noko av, her var det full avslapping, men me logga likevel 113 nmil på 6 dagar og 30 liter diesel brukt så me fekk nokre timar kvar dag og seilte stortsett heile tida!






Det er rett og slett magi å ankre opp i uthavn og berre stupe i sjøen som fortsatt holdt 22-23 grader i midten av Sept. I Kroatia er det eit utall av slike plasser, veldig ofte er det ein restaurant i fjellsida. Så det er kort til middag. Me laga ikkje middag ombord.

Havneleige er latterlig dyrt i Kroati, 1.700,- kosta det i Palmasana Marina som nok er veldig hot ifht andre plasser. Men også heilt ordinære plassar tar minst 1000,-! 
Men med 6 å dele på og nokre overnatting på anker/bøye så vart uansett ikkje den posten så stor. Alt i alt vart det ein veldig rimelig ferie med va 15.000 pr person, inkl alt av fly, båt, restaurant og havneleige!

Dette vart så suksess at same båt allerede er leigd til neste år!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar