mandag 25. august 2025

Ny båt!

 FRI blir 3 fot større.

Det har vore ein lengre prosess dette. Me såg på første NB 32 i fjor sommar i Harstad. Eg vart imponert over kor mykje meir dei hadde fått ut av samme båt med 1 meter lengre skrog (samme bredde). Ein meter gjer mykje, men her har dei gjort mange grep som gjer det til ein vesentlig bedre turbåt enn 870en.

Byte har kverna sidan den tid, i mai var eg nede i Stavanger og prøvde ein 32 med 8LV motor, nesten alle har 6LP som er snaut i denne båten etter min vurdering. 8LV er ein fantastisk motor syns eg, V8 med 2 turboar og 32 ventilar kan ein tenke at er mykje leamikk ombord i båt, men jo meir eg har sjekka jo meir lovord har eg funne om denne motoren. Gangen er jo som ein bensinmotor på lågt turtall f.eks. Den i Stavanger kom litt brått på, dessuten var den ganske slitt etter mine preferansar.

Vel, når det då dukka opp ein 32 i ei FB gruppe av ein som vurderte å selge og den attpå til var i nærheten av hytta i Nord-Norge tok me ein tur og såg på den i sommar. Det er ei stor investering, men gjennom båtturen i sommar så modna tanken om å bytte og dialogen om pris starta. Me vart enige under forutsetning av me fekk solgt til god pris. Etter ferien vart båten lagt ut og til slutt dukka det opp ein hyggelig kar som kjøpte båten og me kunne endelig signeer på ny båt.

For å gjere ting veldig vanskelig så er no planen å gå båten heim på egen kjøl. Ikkje for å spare pengar for det går nok opp mot samme sum i diesel på dei 730 nautisk milene som det ville kosta i frakt, (40.000 skulle Ulvang Redeir ha). 

Eventyret startar torsdag kveld 28.8 og det blir nok dagsrapportar som i 2018 når me seilte nord til Senja og heim igjen. Dag 1 blir altså torsdag 28.8 så vil ein fylgje med på korleis det går så stay tuned:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar