Då er me i gang, fly via Oslo til Evenes. Svigerfar stiller alltid opp, henting på flyplassen med 60 kg bagasje samt handling før butikkane stengte kl 23 gjorde det heile veldig enkelt og grett!
No ventar nokre timar med søvn, før me tar 0745 ferga frå Stangnes til Sørrollnes, då hentar me båten til Sandtorg der me har hytte, planen er bytte impeller, reime, girolje og sluregirfilter og div sjekk inkl evt rens av begge dieseltankane, før me etter planen legg sørover laurdag morgon!
Blir nok å gjere i dag trur eg. montering av ny Sensar Marine (overvåkning med app) også, men det tar ikkje lange tida!
Impelleren skal vere ei utfordring å få bytta pga dårlig plass, bra eg er ei sylfide på 105 kg, ordnar seg nok med litt nordnorske glosar😅
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar