mandag 1. september 2025

Dag 4: Brønnøysund-Bessaker (89 nmil)

Avgårde før kl 06 i dag. Magisk flott, i det me har fylt diesel og legg avgårde så kjem sola opp i aust!

Torghatten, no har eg sett dette fjellet både frå bil, mc og båt før, men likevel fortsatt veldig fasinerande.

Sagnet vil ha det til at det er pila hestmannen skaut etter Lekamøya som er årsaken te hålet i fjellet. Heldigvis kasta kongen av Sømna hatten sin framfor Lekamøy, som vart til Torghatten.

Gryande bekymring for varm hylse gjorde at me planla ein tur innom Yanmar i Rørvik. Kl 07 ringte eg og det var berre å komme så skulle dei ta ein kikk. Dessverre traff me uheldig med møtevirksomhet så det tok 3 timar før dei hadde tid til å sjå på saken. Men verdens hyggeligste karar, dei sjekka alt mulig, fiksa ein slange som var eit ørlite hol i også, men konkluderte med at det ikkje er noko åpenbar feil. Avretting av motor anbefales, det har eg tenkt å få gjort uansett! Vel, dermed var det berre å fylle diesel igjen og legge ut mot havet over til Buholmråsa, stivkuling i vente kl 16, så me ville gjerne komme oss over før det!

Etter Buholmsråsa kom kulingen og me fann ut at det vikrigste i dag var å få passert denne utposten så me tok kveld tidleg i Bessaker. 17 nmil kortare enn først tenkt.

Det er eit "vervindu" på Stad onsdag og torsdag morgon så me legg opp te å rekke det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar