lørdag 30. august 2025

Dag 3: Bodø-Brønnøysund (127 nmil)

Kasta loss 0715, det vart tidleg køying i går. Me tenker at me strekker oss til Brønnøysund i dag, 37 nmil lengre enn først planlagte Sandnessjøen. Dette gir oss mulighet for å passere Buholmsråsa mandag. Me ser... meir tekst i kveld. No e da frokost og 7 knop på autopilot.

Fugløya, storslått!

Lunch stopp på Rødøy, der skulle me innom i 2018, men det vart ikkje tid. Glad me tok oss tid no, imponerande plass...

Ved passering Sandnessjøen vart det tvingande nødvendig med bytte til shorts! 23 grader, stått opp luka i heile dag så bra kokt, tross fleire omgongar med solfaktor 50!

Alt vel, minus ei hylse som er noko varmare enn anbefalt. Blir ein tlf til Yanmar i Rørvik i morgon, den går lett og får smurning så antakelig ligg aksling litt i press. Me får sjå, har holdt 220 nmil, så neppe krise, men det er nettopp derfor ein skal følge med så ein finn ut ting før det blir eit problem:)

Fortøyd i Brønnøysund, kom inn kl 19, så ca 12 timar, det er nok. Blir litt sliten av motorduren over så mange timar. Sånn var det i den gml også, men gjekk ikkje 12 timar på tamp med den😅

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar